Ungdomsrådet 2019-2023. Frå venstre står Titinan Løvik, Tollef Grindheim, Isabell Ramsnes Gulbrandsen, Ane Hocking, May LIsa Espeland, Linde Espeland, Tobias Arnøy Årtun, Marius  Lidal Håheimsnes og Håvard Handeland.
Ungdomsrådet 2019-2023. Frå venstre står Titinan Løvik, Tollef Grindheim, Isabell Ramsnes Gulbrandsen, Ane Hocking, May LIsa Espeland, Linde Espeland, Tobias Arnøy Årtun, Marius Lidal Håheimsnes og Håvard Handeland. FOTO: Ingvil Bakka.

Det nye ungdomsrådet er i gang

Møtegodtgjering for ungdomspolitikarar gav definitivt fleire meir lyst å til å bli politisk aktive.

– Tidlegare har me hatt litt problem med å få kandidatar til ungdomsrådet. Denne gongen fekk me mange interesserte, og i tillegg var det nærast kamp om dei ulike verva i rådet, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Måndag 21. oktober hadde det nye ungdomsrådet i Sauda kommune sitt aller første møte, etter at ni faste medlemmer og to varamedlemmer til ungdomsrådet blei oppnemnd av kommunestyret 9. oktober.

Besøkte alle klassane

I forkant av årets utnemning av eit nytt ungdomsråd, valde Sauda kommune ein ny taktikk for å rekruttera ungdommar til det politiske organet Sauda ungdomsråd.

Ordførar Asbjørn Birkeland besøkte alle klassane på Sauda vidaregåande, og hadde med seg politisk sekretær Solfrid Handeland til møta med alle klassane på ungdomsskulen.

– Me hadde ”speed-datar” med alle klassane, der me informerte om rådet og om kor viktig det er å engasjera seg, fortel Birkeland.

Elevane kunne deretter melda si interesse til læraren sin, som igjen leverte namna inn til skuleleiinga. Det var skuleleiinga som til slutt valde ut forslag til kandidatar til det nye ungdomsrådet. Kandidatane blei formelt valt til nytt ungdomsråd av det nye kommunestyret.

Byrde med skulefri

Då kommunestyret i fjor haust vedtok budsjettet for 2019, låg det ikkje inne godtgjering for medlemmene i ungdomsrådet, slik det gjer for medlemmer av kommunestyret, formannskap, eldreråd og råd for funksjonsnedsette. I februar i år la ordførar Asbjørn Birkeland fram eit forslag om at også ungdomspolitikarane skal få møtegodtgjering. Forslaget blei einstemmig vedtatt, slik at medlemmene i ungdomsrådet nå får betalt 1000 kroner per møte. Leiaren i rådet får 2000 kroner.

– Haldninga tidlegare var at me vaksne har tenkt at det å få fri frå skulen for å delta i møte i ungdomsrådet var god nok betaling. Men det viser seg at dagens ungdommar, som tar skulen svært seriøst, meiner at det å måtta ta fri frå skulen er ein byrde. Derfor er det rett at me også gir ungdommane godtgjering for møtedeltaking. Dei gjer ein viktig politisk jobb, seier Birkeland.

Kamp om verva

Fleire av ungdommane innrømma overfor Ryfylke at den nå innførte møtegodtgjeringa gjorde at lysta til å bli med i ungdomsrådet auka betrakteleg. Fleire ser på deltakinga i ungdomsrådet som ein liten ekstra-jobb med inntekt, samtidig som ein får bli med på å uttala seg om saker som angår barn og unge i Sauda.

I rådet sitt første møte skulle det velgast leiar og nestleiar. To personar ønska å bli leiar og det måtte avstemming til før Tollef Grindheim blei valt. Tre personar ønska å bli nestleiar, der Håvard Handeland blei valt etter ei avstemming.

Det nye ungdomsrådet skulle også velga ny representant til Ungdommens fylkesting

Her var det seks av rådets ni medlemmer som kunne tenka seg dette vervet. Til slutt blei Linde Espeland valt som Sauda sin representant. Tollef Grindheim blei valt til første vara, medan Marius Lidal Håheimsnes blei andre vara.

– Før har me alltid klart å få kandidatar til slutt, men me har aldri opplevd at så mange har vore interesserte i verva. Eg synest også ungdommane var spesielt flinke og engasjerte i dette første møtet deira, seier Solfrid Handeland, som leia det første møtet i ungdomsrådet.

Frå nå av er det Tollef Grindheim som vil leia møta.

I sitt første møte gjekk eit einstemmig ungdomsråd inn for å auka vilkåra i kulturkortet for økonomisk vanskelegstilte barn og unge. I tillegg fekk rådet informasjon frå folkehelsekoordinator Aslaug Tangeraas, som utfordra ungdommane på ei rekke påstandar om ungdom og helse.

Budsjett på saklista

Det neste møtet i Sauda ungdomsråd blir alt måndag 11. november. Då skal ungdommane behandla saker om folkehelse og kommunebudsjettet for neste år. Etter planen vil rådmann Rune Kloster Tvedt delta i møtet og informera om saker i budsjettet som direkte angår barn og unge. Dette gjeld gjerne saker om kultur, skule, samferdsel og helse.

– Målet vårt er at me skal bli flinkare til å involvera ungdomsrådet i forkant av saker. Me trur det er lettare for dei å engasjera seg når dei blir involvert tidleg i prosessar, framfor å bare få uttala seg om alt foreslåtte eller vedtatte saker, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Ungdomsrådet har møte fire-fem gonger i løpet av eitt år.

Her er Sauda sitt nye ungdomsråd

Tollef Grindheim,
leiar (Vg2, stud.spes)

Håvard Handeland,
nestleiar (10. klasse)

Linde Espeland
(9. klasse)

Titinan Løvik
(Vg1, stud.spes)

Marius Lidal Håheimsnes
(Vg1, Tip)

Tobias Arnøy Årthun
(10. klasse)

May Lisa Espeland
(Vg3, stud.spes)

Ane Hocking
(Vg2, stud.spes)

Isabell Ramsnes Gulbrandsen
(9. klasse)