Leiar med bismak?

Som trugen lesar av lokalavisa er tysdag og fredag mest som ein merkedag å rekna.

Desse to dagane kjem Ryfylke i postkassen og desse to dagane  tek eg inn posten.

Tysdag 22. oktober fekk eg meg ein slags knekk i høgstunda ved  gjennomgang av dei siste dagars nyhende.

Overskrifta i leiaren i lokalavisa slo imot meg: «Bollehorn med bismak?»

Eg har i mitt stille sinn tenkt at den dagen bakeriet opnar igjen kjem til å verta ein gledens dag for alle Sauda sine innbyggjarar ,og for sentrum.

Overskrifta til lokalavisa antydar at eg har teke feil, eller reiser i alle høve spørsmålet om det er heilt problemfritt at Rysteg (der Sauda kommune er ein av eigarane)  opnar nytt bakeri.

At Sauda kommune er ein av eigarane i Rysteg  har si naturlege forklaring i at det er eit krav for ei attføringsbedrift at aksjemajoriteten er offentleg eigd.

Rysteg vert drive som ein ideell organisasjon noko som tyder at ingen tek ut utbyte frå bedrifta.

Dette fører vidare til at eit eventuelt overskot i bedrifta går til å gi endå bedre tilbod til arbeidstakarane deira.

Vidare peikar leiaren på at Rysteg mottek overføringar frå det offentlege og set spørjeteikn ved om dette gir dei ein konkurransefordel?

Rysteg er ei bedrift som hjelper dei som treng det mest, for å ha eit arbeid å gå til eller til å komma seg inn på arbeidsmarknaden.

Dette fører i neste rekke til at bedrifta treng overføringar frå det offentlege for å leggja til rette for den einskilde for å få dette til.

Dersom det er overføringane som utgjer bismaken så kan ein lett peika tilbake til lokalavisa som og mottek overføringar frå det offentlege.

Kan ein då seia at me har ei lokalavis med bismak?

Eller kva med at Høgre sin tidlegare ordførarkandidat sit ved roret i lokalavisa?

Fører det til lokalavis med bismak?

Eg meiner nei, pressestøtta er naudsynt for å halda liv i dei små lokalavisene som gjer ein viktig jobb i distrikta.

Eg har òg tillit til at ein redaktør kan vera ein god redaktør uavhengig av tidlegare politisk eller yrkesbakgrunn.

Myta om at ingen må starta med noko som andre verksemder driv med vert det også blese liv i, i leiaren.

Underteikna har straks 40 års fartstid som saudabu men denne uskrevne regelen i saudasamfunnet skjønar eg framleis ikkje.

Ein entreprenør på Jæren reagerte slik då ein ny entreprenør etablerte seg på nabotomta:

«Uansitt kæ så skjær sga mæ væra bædre enn dai på alt!»

I Sauda tyr me heller til skitsnakk om konkurrentane framfor å leggja oss i selen å ta opp konkurransen.

Eg trur at dersom alle i kafe og serveringsbransjen i Sauda knivar om å vera best i klassen kjem kundane til å dela på kven dei vitjar.

Eg ynskjer Rysteg lukke til i innspurten og gler meg til eit godt bollehorn som smakar slik det skal: Piffi og bolla!