Silkeføre, men ingen pudderalarm

Ingen kutt i tenesteproduksjonen og eit netto driftsresultat for 2020 på 3,89 prosent av driftsinntektene. Dette er hovudtrekka i budsjettforslaget rådmann Rune Kloster Tvedt presenterte for politikarar og andre interesserte i Folkets Hus onsdag.

Neste års kommunebudsjett utan nedskjeringar markerer ein viktig milepæl i arbeidet med å få til ei bærekraftig drift i Sauda kommune. Ein viktig føresetnad for å klara det, er å løfta blikket og sjå langt framover i tid. Det er ikkje alltid så lett å tenka langsiktig nå det er rikeleg med utfordringar å ta tak i rundt neste sving. Med hovudet over vatnet stiller den saka seg heilt annleis.

– Silkeføre, seier rådmannen om den økonomiske situasjonen. Slik signaliserer han at ein ikkje bare har råd til det mest nødvendige, men også til å ha det litt gøy. Han er likevel edrueleg i si framstilling, klar på at det ikkje skal skje mykje før ein igjen har klabbeføre. Det bør i alle fall dei folkevalde merka seg, før dei i gledesrusen fell for freistinga til å ta på seg spanderbuksene.

Sauda kommune har over 420 millionar kroner i gjeld (SSB 2018). I sitt forslag føreslår rådmannen å halda lånegjelda innanfor 80 prosent av driftsinntektene. I praksis medfører det at kronebeløpet sannsynlegvis kjem til å auka frå år til år, i takt med eit veksande kommunebudsjett som følge av den generelle prisveksten. Det er naturlegvis fort gjort å hamna i spagaten når ein både vil finna finansiering til gode tiltak og halda kontroll på lånegjelda. Likevel framstår det som altfor passivt når ein ikkje set seg tydelege mål om å redusera gjelda, sett i lys av eit budsjettforslag med ein sunn driftsmargin. Det ville vera å tenka langsiktig!

Om Rune Kloster Tvedt og siddisar flest er for ekspertar å rekna når det gjeld skiføre, kan sjølvsagt diskuterast. Det same om 2020-situasjonen fortener omgrepet silkeføre. Oversikten som viser ønska investeringar dei kommande åra, fortel at det framleis er eit godt stykke veg å gå før ein kan friskmelda kommuneøkonomien. Å få eit driftsbudsjett med eit brukbart overskot utan å måtta fram med verken ostehøvlar eller grovare reiskapar, er likevel eit viktig steg på vegen og noko ein gjerne kan feira med eit lite kakestykke. Kall det gjerne tendensar til silkeføre her og nå, men pudderalarmen er ennå milevis unna.