Den største gleda ein kan ha…

Alle liker å ha det fint rundt seg. Det gjer noko med ein når ein ser at det er ryddig og velstelt der ein ferdast, utan søppel som flyt, grus og sand på asfalten, buskar og tre som breiar seg innover fortaua og ikkje minst ugras som tyt fram over alt. I kaiområdet, eller Vangnes som det heiter, har to «vaktmeistrar» på eige initiativ «tatt ein for laget».

Å få Vangnes-området på stell har ikkje kome av seg sjølv. Det har kosta sine timar og sitt slit med kost, høgtrykksspylar, spade og trillebår. Alt på seinsommaren fekk Ryfylke det første tipset om ein kar som var i gang med sin eigen ryddeaksjon like i nabolaget. Seinare blei det til at fleire nemnde at det var nokon som stod på til alle tider for å gjera Vangnes-området trivelegare. Etter kvart har me frå avishuset med sjølvsyn kunna sjå Einar Haugen i sving, åleine eller saman med David King.

Ryfylke skreiv i slutten av august om «eit sjuskete og ugrasprega» sentrum. Vangnes-området var her ikkje noko unntak. Rett nok fòr kommunale ferievikarar over området og klipte ned tre og buskar i sommar, men frå klipt til velstelt er det eit stykke veg å gå. Noko av utfordringa verkar å vera at mange forventar at kommunen sine folk skal komma og ordna opp i alt som er. Det er, mildt sagt, heilt urealistisk. Til det er ressursane alt for små i høve til oppgåva.

Det handlar om å yta noko for fellesskapen. Det er me i Sauda tradisjonelt ganske flinke til. Det blir lagt ned tallause dugnadstimar i dei mange laga og organisasjonane i byen. Mange gjer ein viktig innsats gjennom sin innsats for styre og stell. Og nokon har sine eigne dugnadsprosjekt meir i det små, anten for å hjelpa andre, eller for å laga det fint rundt seg.

Om ein verken ønsker seg inn i lokalpolitikken eller i organisasjonslivet, er utan tvil ein innsats for å gjera det vakkert og velstelt i nabolaget noko mange vil setta stor pris på.

Ryddeprosjektet til Haugen og King handlar om det nære, og det å sjå det store i dei små tinga. Gjennom sin innsats har dei to karane gleda dei mange som arbeider, bur eller ferdast over Vangnes. Eit slikt tiltak er eit eksempel til etterfølging. Tenk kor flott Sauda kunne blitt om me var mange nok som tok i eit lite tak!