Eit godt grep

Skal Sauda kommune eiga bygg og leiga det ut til det private næringslivet?

Nyleg blei det kjend at kommunen har gått saman med den unge saudabedrifta Northern Punching Eiendom AS og starta eigedomsselskapet Nesøyra 16 AS. Dette selskapet har så kjøpt «Technorbygget», som står på denne adressa.

Eigedomsoverdraginga på Nesøyra gjer at industribedrifta Northern Punching AS får ei avklaring rundt spørsmålet om produksjonslokale. Dette gir tryggleik for den vidare drifta av selskapet, som sysselset om lag ti personar. I tillegg vil dei romslege lokala kunna husa også andre verksemder.

Det kan alltid diskuterast i kor stor grad det er rett at ein kommune involverer seg i næringsverksemd. Det som i alle fall er sikkert, er at det i høgste grad er i kommunen si interesse at ein har eit aktivt, breitt og attraktivt næringsliv rundt seg. Då er det også naturleg å involvera seg i arbeidet med å legga til rette både for ny og eksisterande næring.

Ein av konklusjonane som omstillingsprosjektet i Sauda trekte, var at kommunen burde ta ei meir aktiv rolle på næringssida. Involveringa i «Technorbygget» må kunna seiast å vera ei direkte oppfølging av denne oppmodinga. Det er elles ingen grunn til at dette kjøpet skal skapa presedens. Det som er rett i eitt tilfelle, treng ikkje automatisk å vera rett i det neste.

Sauda kommune har for øvrig også eit anna spenstig tiltak for etablering og utvikling av lokal næringsverksemd, gjennom Sauda Bedriftskapital. Her set kommunen årleg av midlar som blir gjort tilgjengeleg for lokale utviklingskrefter. Også dette er eit godt eksempel på kommunalt næringsengasjement.

Som med all næringsutvikling, finst det ingen garantiar for suksess verken for dei som får tilskot frå Sauda Bedriftskapital eller som finn andre måtar å samarbeida med kommunen på. Statistikken talar sitt tydelege språk: Bare snautt tre av ti nyetablerte foretak er framleis aktive etter fem år.

Statistikken må aldri bli til hinder for at lokale krefter held fram sitt utrøyttelege arbeid med å legga til rette for gode, trygge arbeidsplassar i Sauda. Gevinsten når ein lukkast overskuggar utan tvil nederlaga. Som for eksempel glasfabrikken i nabolaget til Northern Punching AS på Nesøyra, som i dag har over 50 tilsette og sidan midten på 1980-talet har levd godt i kommunale, leigde lokale.