Torben Djuv Søfting, Brage Rørtveit Guggedal, Leah Tytlandsvik og Anna Håheim Hetleflåt frå laget Tech08 frå Risvoll saman med roboten dei deltok med under regionfinalen i First Lego League i Sandnes sist laurdag.
Torben Djuv Søfting, Brage Rørtveit Guggedal, Leah Tytlandsvik og Anna Håheim Hetleflåt frå laget Tech08 frå Risvoll saman med roboten dei deltok med under regionfinalen i First Lego League i Sandnes sist laurdag. FOTO: Knut Atle M. Seim.Bilde 1 av 3
Risvollelevane gjorde ein flott figur og blei kåra til vinnarar av kjerneverdiprisen under regionfinalen i First Lego league i Sandnes nyleg. Bak frå venstre står Vilde Bakka Løland, Alva Espevik Lutteke, Inger Kristine Ringhagen, Brage Rørtveit Guggedal, Jonas Enlid, Anna Håheim Hetleflåt, Kaspar Fatnes Skaarer, Brage Viland-Rafdal og  Alexsander Ripel Jensen. Framme står frå venstre 
Hannah Ramstad-Eikevik, Silja Bruknapp Gjuvsland, Leon Risvoll Imsland, Aila Håheimsnes, Linea Bruknapp-Dolmen, Leah Tytlandsvik og Torben Djuv Søfting. Ikkje tilstades: Emrik Hoftun og Kriståffer Næss Årtun.
Risvollelevane gjorde ein flott figur og blei kåra til vinnarar av kjerneverdiprisen under regionfinalen i First Lego league i Sandnes nyleg. Bak frå venstre står Vilde Bakka Løland, Alva Espevik Lutteke, Inger Kristine Ringhagen, Brage Rørtveit Guggedal, Jonas Enlid, Anna Håheim Hetleflåt, Kaspar Fatnes Skaarer, Brage Viland-Rafdal og Alexsander Ripel Jensen. Framme står frå venstre Hannah Ramstad-Eikevik, Silja Bruknapp Gjuvsland, Leon Risvoll Imsland, Aila Håheimsnes, Linea Bruknapp-Dolmen, Leah Tytlandsvik og Torben Djuv Søfting. Ikkje tilstades: Emrik Hoftun og Kriståffer Næss Årtun. FOTO: Olaf Nagelhus / WoldcamBilde 2 av 3
Robotpilotane Leah Tytlandsvik og Anna Håheim Hetleflåt i aksjon i Sandnes på laurdag.
Robotpilotane Leah Tytlandsvik og Anna Håheim Hetleflåt i aksjon i Sandnes på laurdag. FOTO: Olaf Nagelhus / WoldcamBilde 3 av 3

Strålande techno-debut for Risvoll-elevar

Sjetteklassingane frå Saudasjøen vann Kjerneverdiprisen i konkurranse med 25 andre lag.

Laget Techno08 frå Risvoll skule imponerte stort då den regionale First Lego League-finalen gjekk av stabelen i Vitenfabrikken i Sandnes laurdag. I skarp konkurranse med 25 andre lag frå regionen, gjekk sjetteklassingane frå Ytrabygdå heilt til topps i konkurransen om Kjerneverdiprisen. I tillegg hamna laget på ein sterk tredjeplass i prosjektkonkurransen.

Programmerte robot

Dei unge forskarane frå Risvoll skule fortel om ei spennande tid fram mot konkurransehelga.

– Me har bare hatt åtte veker på å førebu oss. Me har jobba skikkeleg bra, særleg den siste veka, og me har halde på etter skuletid kvar torsdag, fortel Leah Tytlandsvik. Saman med klassevenninna Anna Håheim Hetleflåt hadde ho ansvaret for å styra den eigenkonstruerte roboten til Techno08-gjengen i robotkonkurransen.

– Det var skummelt første gongen medgir Tytlandsvik.

– Off, ja, eg skalv som bare det, legg Hetleflåt til.

Roboten, for øvrig eit hjulgåande kjøretøy, hadde risvollklassen programmert på førehand.

– Roboten skulle utføra mange operasjonar innan ein tidsfrist på to og eit halvt minutt. For å rekka over alt, måtte me kombinera fleire operasjonar i same program, forklarer Torben Djuv Søfting. Han og Brage Rørtveit Guggedal var blant reservepilotane til roboten og med i heiagjengen som støtta dei som var i aksjon på vegner av klassen.

Robotkonkurransen enda med ein 15. plass for Risvoll-laget.

– Dei som vann robotkonkurransen var tiandeklassingar, som har vore med mange gonger før, fortel Guggedal.

– Eg trur me var dei yngste som var med, meiner Søfting.

Nytenkande

Årets FLL-tema var City Shaper. Det gjekk ut på å skapa innovative og bærekraftige løysingar for framtidas byar og bygder.

Techno08 sitt bidrag i teknologikonkurransen hadde tatt utgangspunkt i skulekvardagen og dei nye læringsbretta. Desse må i dag ladast heime foran kvar skuledag. Ved hjelp av solkraft henta frå taket på Risvoll skule og eit eigenkonstruert brett, eller Energy Table som prototypen blir kalla, kan både læringsbrettet og to integrerte «power-bankar» ladast på skulen.

– Eg er veldig imponert over laginnsatsen til Techno08 frå Risvoll skule. Læringsviljen og engasjementet for å skapa framtidas byar viser at den yngre generasjonen har eit stort ønske om å løysa morgondagens utfordringar, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef i Equinor Morgendagens Helter. som saman med organisasjonen First Scandinavia står som arrangør av First Lego league.

– Lærte mykje

Dei fire elleveåringane synest deltakinga i First Lego League har vore lærerik. At dei arbeidde godt som eit godt lag, fekk dei med seg synleg bevis på heim til Saudasjøen.

– Me vann kjerneverdiprisen, seier Hetleflåt stolt.

I vilkåra for prisen var det mellom anna sett at laget skulle arbeida godt saman som lag, at dei utforska nye kunnskapar og idear, var kreative og samtidig hadde det gøy.

– Det var veldig mykje matematikk, slår Håheim og Søfting fast, litt  i munnen på ein annan. I løpet av prosessen har dei også arbeidd med element frå ei rekke andre skulefag.

At det blei ein lang dag, men avreise frå Saudasjøen klokka fem om morgonen ensa ikkje dei ivrige forskarane.

– Me tenkte ikkje på tida, for me hadde det så kjekt, slår Guggedal fast.

Kom brått på

Rektor ved Risvoll skule, Jannicke Hillestad Hatlen, fortel at skulen lenge har hatt lyst til å vera med på First Lego League.

– Me har mangla både ressursar og kompetanse og dermed har det ikkje blitt noko av. Så såg eg tilfeldigvis at Equinor ville gi deltaking inkludert utstyr til ti lag. Eg melde skulen på, og brått hadde me vunne sjansen til å delta, seier rektoren, som er klar på at deltakinga ikkje kunne blitt realisert utan det gode samarbeidet mellom skulen og heimen til elevane.

– Me har veldig positive lærarar og foreldre, som saman har løyst dette på ein flott måte. Det hadde for eksempel ikkje vore muleg hjelpa frå foreldre som mellom anna hadde erfaring med programmering av robotar, slår ho fast.

For å kunna reisa til Sandnes måtte elevane skaffa til vege 15 000 kroner, for å dekka utgifter til reise og mat. Den utfordringa tok dei på strak arm.

– Elevane sette opp budsjettet sjølv og sørga gjennom sine eigne kontaktnett for å skaffa sponsorar. Trass i ein trong start, har First Lego League-prosjektet vore ei veldig lærerik og kjekk oppleving, avrundar Sigfred Tårland, som saman med Karine Wiik har vore skulen sine tilretteleggarar for klassen i deira arbeid.

Torben Djuv Søfting, Brage Rørtveit Guggedal, Leah Tytlandsvik og Anna Håheim Hetleflåt frå laget Tech08 frå Risvoll saman med roboten dei deltok med under regionfinalen i First Lego League i Sandnes sist laurdag. Foto: Knut Atle M. Seim

Risvollelevane gjorde ein flott figur og blei kåra til vinnarar av kjerneverdiprisen under regionfinalen i First Lego league i Sandnes nyleg. Bak frå venstre står Vilde Bakka Løland, Alva Espevik Lutteke, Inger Kristine Ringhagen, Brage Rørtveit Guggedal, Jonas Enlid, Anna Håheim Hetleflåt, Kaspar Fatnes Skaarer, Brage Viland-Rafdal og  Alexsander Ripel Jensen. Framme står frå venstre

Hannah Ramstad-Eikevik, Silja Bruknapp Gjuvsland, Leon Risvoll Imsland, Aila Håheimsnes, Linea Bruknapp-Dolmen, Leah Tytlandsvik og Torben Djuv Søfting. Ikkje tilstades: Emrik Hoftun og Kriståffer Næss Årtun. Foto: Olaf Nagelhus.

First Lego League

* Verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge i alderen 10 til 16 år.

* Arrangert for første gong i år 2000.

* Har som mål å auka barn og unge si interesse for teknologi og vitenskap og stimulera dei til å bli morgondagens ingeniørar og forskarar.