Vis korta!

11. desember vedtar kommunestyret dei økonomiske rammene Sauda skal styrast etter i 2020. I verkelegheita er behandlinga i kommunestyremøtet imidlertid oftast meir som ein formalitet å rekna. Når dei 19 representantane møtest til årets julemøte, er det meste av neste års budsjett alt spikra.

Arbeidet med eit kommunebudsjett er ein lang prosess der toget byrjar å rulla alt på vårparten internt i kommuneorganisasjonen.

For politikarane sin del, startar jobben for alvor når rådmannen presenterer sitt forslag i månadsskiftet oktober november. Etter eit par veker kjem saka på bordet til formannskapet og frå i år òg til Utval for samfunnsutvikling. Her får partia som er representert i desse organa eit utmerka høve til å presentera forslag til justeringar i høve til rådmannen sitt forslag. Samtidig får dei sjansen til å visa at dei følger opp eigne valprogram og til å visa noko av politikken dei står for, både for dei øvrige partia og for innbyggarane i Sauda. Det høvet bør ingen av dei la gå ifrå seg.

I onsdagens formannskapsmøte var det stor skilnad på korleis dei tre representerte partia tilnærma seg saka. Senterpartiet verka godt førebudde og la fram ei liste med fleire konkrete endringsforslag, som blir presentert i dagens avis. Representantane frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti såg på si side ikkje ut til å ha gjort heimeleksa si, all den tid ingen av dei hadde noko konkret å komma med, utanom å varsla at det ville komma endringsforslag seinare. Både Ap og Høgre (i utvalet for samfunnsutvikling) signaliserer at dei ønsker fortgang i å auka institusjonsplassane på Åbøtunet. Men kvifor er dei ikkje meir konkrete? Ein skulle mest tru at desse partia hadde eit større behov for å tydeleggjera eigen politikk enn «regjeringspartiet». I staden vel KrF og Ap passivt å slutta seg til Senterpartiet sine forslag i formannskapet medan det nye utvalet tok saka til orientering (!). Som kjent er det bare daud fisk som sym med straumen.

Det ligg i korta at alle dei politiske partia i Sauda, i alle fall dei som er representert i dei styrande organa lokalt, kjem til å arbeida ein heil del med budsjettsaka fram til endeleg avgjerd blir fatta 11. desember. Ryfylke vil på det sterkaste oppmoda partia om å involvera saudabuen i korleis dei tenker og kva dei meiner er viktig å prioritera i nær framtid.

Det skjer ikkje om all politikk i praksis blir vedtatt «på bakrommet», anten i gruppemøte eller i lukka møte mellom partia sine gruppeleiarar.

Å venta med å komma med sine forslag til kommunestyremøtet 11. desember fører sjeldan fram og er ein lite demokratisk måte å driva politikk på. Vis heller korta nå, og jo før jo heller!