IMG_7766

Politiloggen:

Promillekontroll og avskilting

Politiet aukar på med promillekontrollar.

I løpet av helga har politiet gjennomført fleir promillekontrollar i Sauda. I 02-tida natt til søndag stilte dei seg opp i sentrum og stoppa 13 sjåførar. Ingen av desse kjørte ulovleg. Også søndag føremiddag, rundt klokka 10.00, var dei på vakt igjen med målarane sine. Då blei 14 sjåførar kontrollerte. Også her var resultatet bra med ingen utslag.

– Me merkar at det har ein førebyggande effekt når me har promillekontrollar ofte. Sjansen for å bli stoppa i ein promillekontroll skal bare auka, lovar lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Bortvist frå sentrum

I 03-tida natt til søndag kom politiet over to menn i tjueåra som yppa til bråk i sentrumsgatene. Det skal ha vore tilløp til slåsting mellom dei to. Politiet valde å bortvisa begge to frå sentrum, fram til klokka 08.00 den påfølgande morgonen.

Mangla EU-kontroll

Laurdag rundt klokka 16.00 oppdaga politiet ein bil som ifølge deira registre mangla EU-godkjenning. Bilen blei derfor avskilta.

– Korleis avdekkar ein slikt? Er det rein flaks at bilen de sjekkar faktisk manglar godkjenningar?

– Du kan jo gjerne kalla det flaks. Men me undersøker stadig vekk bilar ved å sjekka opp registreringsnummera. Spesielt gjeld det bilar som står spesielt parkert og liknande, seier Indrebø.

Kjøretøy med manglar

I 02-tida natt til søndag oppdaga politiet eit kjøretøy med fleire feil og manglar. Bilen var då i Sauda sentrum.

– Bilen hadde fleire feil og manglar. Den blei ikkje avskilta, men eigaren fekk ein kontrollsetel. Vedkommande må sørga for at feila blir retta opp, før ein må visa kjøretøyet fram til Statens vegvesen for godkjenning, opplyser lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.