Prosjektet ved Kastfoss

Trappene ved Kastfoss er nå fullført og åpnet for allmenn ferdsel igjen. Dette kan ein sjå på som ei god gammaldags dugnadsånd. Når dei rette folka stikk hodene sine saman, får ein som regel løyst det aller meste. Godt jobbet, og ein stor honnør og takk til kvar enkelt av dykk som har gitt sitt bidrag på forskjellig vis her.

Og etter det ein kan sjå ser dette solid og sterkt ut. Det einaste eg savnar er eit rekkverk til å halde seg i, når ein går ned trappa. Ellers er dette svært kjærkomment for dei turgåande folka i bygda, med god sikring nede rundt fossen. Folk utanfrå (turistar) vil nok oppleve dette som noko spektakulært, med ei trapp montert i bratt ei fjellsida og der til tider ein buldrande foss renn like under. Ein kan ikkje seie anna enn at dette er kreativt utført.

Samtidig er gangstien oppgradert fra fossen og heilt fram til Lonå med lys. Det er kjempebra.

Nå er det bare den nederste stibiten igjen, fra Brekkebakken innover med Lillebekk til Kastfoss, som manglar den samme opprustningen med nokre lyslampar samt noko rydding og oppgrusing av stien.

Men så er det dette med kostnader då, for å få dette til. Og her vil eg rett og slett utfordra ledelsen ved A/S Saudefaldene å ta på seg det økonomiske, då dei tross alt sitter på gullkalven i form av vannkrafta her i bygda. Så håpar eg å få sjå noko meir av den flotte dugnadsånda som er vist her, slik at denne gangstein blir fullført til våren eller sommaren.

Aksel Solland