– Me kan ikkje venta på at folk skal snubla inn dørene, me må ut og selja Sauda aktivt, slo ordførar Asbjørn Birkeland fast i Ryfylke nokre få dagar før valet. Utsegna kom i samband med at Senterpartiet lanserte innhaldet i ein «næringspakke» i valkampinnspurten. På smørbrødlista stod også vidare arbeid med organisering og innhald i reiselivssatsinga.
Sauda kommune har saman med næringslivet her inne grave djupt i lommene for å gjera seg lekre det siste tiåret. Både turistanlegget i Allmannajuvet og utebadeanlegget i Birkelunden er gode og viktige bidrag til å gjera Sauda attraktiv både for fastbuande og for folk utanfrå. Det vil likevel alltid vera slik at ein spennande turistdestinasjon stadig må fornya seg for å vera aktuell. Utviklinga av reiselivsproduktet Sauda vil vera ein evig, kontinuerleg prosess, der både næringsliv og lokale styresmakter harei viktig rolle.
Den nye kommuneplanen vil legga til rette for 1000 nye hytter i Saudafjella. Også her har kommunen tatt rolla som tilretteleggar på alvor. Hytteutbygging er lågthengande, men likevel søt og god frukt for det lokale næringslivet, både i byggetida og seinare.
Ikkje minst gir hytteutbygginga klingande mynt i kommunekassa, både gjennom eigedomsskatt og personskatt frå servicenæringa.
Det bør stillast spørsmål ved korleis kommuneplanen si offensive hyttesatsing skal følgast opp i praksis, spesielt når kommunestyret snart vedtar neste års investeringsbudsjett. Det er meir enn ein gong slått fast at dagens infrastruktur, altså vegane og parkeringsplassane ut mot utfartsområda, er til hinder for vidare utbygging. Sett i lys av at slike investeringar nesten er for «utgifter til inntekts ervervelse» å rekna, burde då ikkje dette vera tiltak i toppen av prioriteringslista?
Som ordførar Birkeland så treffande uttrykte det, kan ikkje Sauda venta på at gjestene skal komma snoflande inn fjorden eller over fjellet. Sauda er eit produkt som aktivt må selgast, for trass i aldri så mykje attraktivitetsbygging er kampen om merksemda knallhard. Ansvaret for å marknadsføra fell på ingen måte på kommunen åleine. I det lokale næringslivet finst det mange som nyt godt av handlande hyttefolk, og som bør vera interessert i å auka turiststraumen. Med bakgrunn i vedtatte planar bør det òg forventast at Sauda kommune inntar ei meir aktiv rolle også i dette arbeidet.
Både marknadsføring, infrastruktur og produktutvikling kostar pengar. Med bakgrunn i uttalane frå ordføraren like før han blei attvald, og det faktum at partiet hans sit med reint fleirtal i kommunestyret, blir det spennande å sjå korleis Senterpartiet sin «næringspakke» frå før valet og turistsatsinga her kjem til uttrykk i budsjettet som blir vedtatt 11. desember.