Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø fortel at saka beror på misforståingar og overdrivelsar, og at det aldri var snakk om reelle truslar mot ungdomsskulen.
Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø fortel at saka beror på misforståingar og overdrivelsar, og at det aldri var snakk om reelle truslar mot ungdomsskulen. FOTO: Ingvil Bakka/arkiv

Trykte på ”trusselalarmen”

Trusselen viste seg å ikkje vera reell, men politiet meiner det var rett av skuleleiinga å ta saka alvorleg.

Det var i sist veke at politiet mottok ei anmelding om eit par ungdomsskuleelevar med ”plagsam, skremmande åtferd”. Rykta om ein trussel mot ungdomsskulen spreidde seg i bygda, og søndag kveld valde rektor ved Sauda ungdomsskule, Lars Terje Sandvik, å senda epost til alle ungdomskuleforeldra.

– Etter å ha mottatt nokre meldingar frå bekymra foreldre vedrørande alvorlege truslar mot skulen, ønsker me å gi ein kort informasjon om saka. Saka er meldt til politiet og det er dei som behandlar truslane. Som rektor vil eg understreka at me har fått tilbakemelding frå politiet om at det er trygt å senda elevane på skulen, skreiv Sandvik i eposten.

I løpet av veka har Ryfylke vore i kontakt med politiet fleire gonger, og politiet har bede om meir tid før dei uttaler seg. Først i går, torsdag, valde lensmann Siri Fisketjøn Indrebø å kommentera saka. Ho stadfestar at politiet mottok ei anmelding om plagsam og skremmande åtferd, og at mindreårige skuleelevar er involvert i saka. Politiet si etterforsking viser derimot at saka ikkje var så alvorleg som først antatt.

– Det viste seg at ting ikkje var så alvorlege som ein først trudde. Det har vore overdrivelsar og misforståingar. Likevel, det var av ein slik art at det er naturleg å varsla og gjera undersøkelsar, seier Indrebø, som rosar skulen for å ha kontakta politiet i denne saka.

Ho grunngir politiet si tilbakehaldande haldning til offentleg informasjon i denne saka med at saka involverer barn, som opplever saka som ei stor påkjenning.

– Samtidig ser eg at folk har behov for informasjon, seier ho.

Kommunalsjef skule og oppvekst, Jakob Svandal, fortel at han blei gjort kjent med truslane gjennom ungdomskulerektoren.

– Det var såpass alvorleg at me raskt fann ut at dette kunne me ikkje handtera utan å involvera politiet. Politiet råda oss til å anmelda truslane, fortel Svandal.

Kommunalsjefen er glad for at politiet si etterforsking har avdekka at truslane ikkje var reelle.

– Samtidig er det rett at me reagerte som me gjorde. Det er viktig å visa at slikt ikkje er greitt å seia, og at alle skal vita at me tar slike saker på høgste alvor, seier han.