Hildeborg Juvet Hugdal konkurrerer i verdsmeisterskapet i styrkeløft frå klokka 08.00 laurdag. Knebøy er første øving, følgd av benkpress og markløft.
Hildeborg Juvet Hugdal konkurrerer i verdsmeisterskapet i styrkeløft frå klokka 08.00 laurdag. Knebøy er første øving, følgd av benkpress og markløft. FOTO: Lisa Marie Olufsen.

VM i styrkeløft: Slik var Hildeborgs ferd mot medalje

Hildeborg Juvet Hugdal oppfylte sin eigen draum om medalje i VM i styrkeløft.

Under kan du lese korleis verdsmeisterskapet utvikla seg for saudabuen. Øvst ligg den siste oppdateringa, frå klokka 0955, då resultata var klare.

09.55: Dermed er verdsmeisterskapet over for Hugdal. Ho kan reise heim frå Dubai med ein samla bronsemedalje, samt ein sølvmedalje frå benkpress som enkeltøving.

Resultat, VM i styrkeløft:
1. Bonica Brown, 791 kilo
2. Rebecca Holcomb, 722,5 kilo
3. Hildeborg Juvet Hugdal, 692,5 kilo
4. Anna Kukhareva, 667,5 kilo
5. Fang-Yun Su, 657,5 kilo
6. Daria Efimtseva, 652,5 kilo
7. Soley Jonsdottir, 612,5 kilo
8. Laura Berry-Webb, 532,5 kilo

09.53: Holcomb avsluttar VM-konkurransen med 271 kilo, som vil vere verdsrekord i markløft som enkeltøving. Også ho får to raude lys. Likevel ein solid konkurranse av Holcomb, som tar sølvet med 722,5 kilo totalt.

09.52: Og det er nær. To dommarar gir ho raudt, men det blir utfordra av det amerikanske støtteapparatet. Ei ny vurdering vil bli gjort. Det er uansett gull til Brown!

09.51: Nå får me servert eit spektakulært verdsrekordforsøk frå Brown. Ho høynar til 262,5 kilo i siste forsøk i markløft. Klarer ho det, så set ho ny samla verdsrekord med 801 kilo.

09.50: Likevel er det med eit smil Hugdal går av plattingen etter det siste forsøket. Kanskje veit ho at det uansett blir medalje? 692,5 kilo er totalen til Hugdal, noko som gir tredjeplass.

09.49: Der er det mykje vilje! Ho strevar ordentleg og jobbar lenge, men ho får ikkje gjennomført heile løftet på riktig måte, og ho gir seg til slutt. Dermed blir ho ståande med 212,5 kilo i markløft.

09.48: Og her får me Hugdal på plattingen for siste gong. 220 kilo er vekta ho skal forsøke seg på i siste forsøk i markløft.

09.47: Dette blir medalje for Hugdal! Alle utøvarane har meldt inn vekta for tredje forsøk i markløft. Ingen har høyna så mykje at dei kan gå forbi Hugdal på tredjeplass.

09.46: Holcomb løftar 257,5 kilo i andre forsøk, og som landsvenninne Brown tryggar ho si plassering. Holcomb er nå 30 kilo føre Hugdal på tredjeplass.

09.44: Brown er overlegen, løftar 252,5 kilo i andre forsøk i markløft, og har ein total på 791 kilo nå.

09.43: Russiske Kukhareva løftar 225 i sitt andre forsøk i markløft. Det gir ho fjerdeplass, men 35 kilo bak Hugdal.

09.41: Hugdal er igjen på plattingen. Og dette ser trygt ut. 212,5 kilo er vekta ho løftar, og igjen gjer ho det overbevisande. Alle dommarane godkjenner løftet, og ho tryggar bronsemedaljen.

09.39: Det ser enkelt ut også for Holcomb! Dermed er ho på andreplass med 710 kilo totalt. Hugdal er på tredjeplass med 685 kilo.

09.38: Og det er Holcomb sin tur, som siste utøvar i markløft. Ho opnar med 245 kilo. Tar ho den vekta, så er ho forbi Hugdal.

09.37: Brown skal forsøke seg på 240 kilo. Det er godkjent, og ho er på 778,5 kilo totalt. Det garanterer ho gullmedaljen. Nå har ho alle moglegheiter til å prøve seg på sin eigen verdsrekord i dei to siste forsøka. Den er totalt på 793 kilo.

09.36: Og det er overbevisande frå Hugdal! Det ser jo enkelt ut, og dermed har ho fått ein strålande start på markløft. Ho set press på alle dei andre som vil hamle opp med ho om minst bronsemedaljen. 205 kilo er godkjent!

09.35: Og Hugdal er på plattingen for sitt opningsforsøk!

09.34: Hugdal skal forsøke seg på 205 kilo i første forsøk. Holcomb har meldt inn 245 kilo i første forsøk. Amerikanaren vil altså passere Hugdal om ho får godkjent sitt første forsøk.

09.33: Då er markløft starta, britiske Berry-Webb får 165 kilo godkjent.

09.28: Det står altså og faller på markløft, som er siste øving og vil avgjere kven som reiser frå Dubai med medalje. Dei er venta å starte øvinga klokka 09.33 norsk tid. Her er stillinga før markløft:
1. Bonica Brown, 538,5 kilo
2. Hildeborg Juvet Hugdal, 480 kilo
3. Rebecca Holcomb, 465 kilo
4. Daria Efimtseva, 452,5 kilo
5. Fang-Yun Su, 440 kilo
6. Anna Kukhareva, 432,5 kilo
7. Soley Jonsdottir, 415 kilo
8. Laura Berry-Webb, 355 kilo

09.24: Hugdal har dei to siste veken slite med ein influensasjukdom, og dermed ikkje hatt ein optimal inngang til dette verdsmeisterskapet. Sjølv skildra 36-åringen det som «frykteleg irriterande».

09.22: Saudabuen sin personlege rekord i markløft er 217,5 kilo. Den sette ho tilbake i 2007.
– Eg har vore i god form på trening i markløft. Nå er eg på høgde med persen min frå 2007. Det hadde vore gøy å slå den, sa Hugdal på tysdag denne veka, etter at ho hadde landa i Dubai.

09.17: Før siste øving står Hugdal planta i medaljekampen med begge føtene. Holcomb held svært høgt nivå i markløft og kan nok bli vanskeleg å halde unna for, men ser ein på dei andre utøvarane sine resultat, så skal saudabuen ha gode moglegheiter på ein bronsemedalje.

09.16: Det er bare øvinga markløft som står igjen for utøvarane. Den øvinga startar cirka klokka 9.30.

09.15: Etter benkpress har ein følgande resultatliste:
1. Bonica Brown, 538,5 kilo
2. Hildeborg Juvet Hugdal, 480 kilo
3. Rebecca Holcomb, 465 kilo
4. Daria Efimtseva, 452,5 kilo
5. Fang-Yun Su, 440 kilo
6. Anna Kukhareva, 432,5 kilo
7. Soley Jonsdottir, 415 kilo
8. Laura Berry-Webb, 355 kilo

09.13: Hugdal blir difor ståande med 215 kilo som teljande resultat i benkpress. Det gir andreplass samanlagt etter to øvingar, med 480 kilo. Med det tar ho også sølvmedaljen i benkpress som enkeltøving, 2,5 kilo bak Brown.

09.12: Det går ikkje. Ho seinkar vekta kontrollert, men ho får ikkje løfta stanga igjen, og den blir kvilande nede på ho før sikringsmannskapa hjelper ho med å få vekta opp. Dermed underkjent.

09.11: Nå gjeld det for Hugdal. Det er verdsrekordforsøk!

09.11: Også det går for Brown, og ho jublar når ho ser tre kvite lys og godkjent løft!

09.10: Brown skal prøve seg på 220 kilo, som vil vere personleg rekord i benkpress for den amerikanske verdsrekordhaldaren.

09.08: Det er overbevisande frå Holcomb! Dermed tar ho inn ti kilo på Hugdal, og ho står med 465 kilo totalt. Det er 15 kilo bak Hugdal, som altså har eitt forsøk igjen i benkpress.

09.07: Etter to forsøk i benkpress er Brown i tet med 528,8 kilo totalt. Holcomb er på tredjeplass med 455 kilo. Og nå er det Holcomb sin tur i tredje forsøk. 185 kilo er på stanga, som er ti kilo meir enn kva ho løfta i andre forsøk i benkpress.

09.06: Og det er tydeleg at Hugdal har bestemt seg. I tredje forsøk har ho og støtteapparatet meldt inn 227,5 kilo. Det er verdsrekordforsøk i benkpress som ein del av ein samanlagtkonkurranse.

09.05: Dermed er Hugdal plutseleg heilt oppe på andreplass totalt med 480 kilo, og det verste presset om å få til eit godkjent løft for å ha ein sjanse samanlagt er vekk.

09.04: Og det går! Ho må jobbe ordentleg, og kommentatorane er lenge skeptiske. Men det blir godkjent. To dommarar gir ho kvitt lys, medan éin dommer ikkje meiner det er eit godkjent løft. Det gjer ingenting, for med to som meiner det er riktig gjennomført, så er det uansett godkjent.

09.04: Då er det Hugdal, andre forsøk på 215 kilo!

09.03: Og Brown er strålande her! 210 kilo, og det er godkjent av alle dommarane. Amerikanaren er heilt suveren her.

09.02: Då er det bare Brown igjen før Hugdal skal prøve seg for andre gong.

09.01: Russiske Efimtseva har ein god konkurranse i gjære. 182,5 kilo går opp i andre forsøk og blir godkjent, tilsynelatande lett som ein leik.

09.00: For Hugdal og hennar samanlagtsjansar blir det heilt avgjerande å lukkast og få eit godkjent løft i benkpress. Om det blir tre underkjente løft, er alle håp om å slå sin eigen personlege rekord totalt (705 kilo frå 2014) og ta ein medalje borte.

08.58: Brown løfta 200 kilo i sitt første forsøk, og dermed er ho på 518,5 kilo totalt i konkurransen. Det er det ingen som kan true, nærmast følger Holcomb med 445 kilo, etter at alle har hatt eitt forsøk i benkpress.

08.57: Dermed er det naturleg å tru at ho vil forsøke 215 kilo igjen i andre forsøk. Utøvarane har ikkje lov til å gå ned og løfte ei lågare vekt enn den dei først melde inn.

08.56: Og det lukkast ikkje for Hugdal! Etter å ha seinka stanga, så får ho ikkje løfta stanga opp igjen, og dei som sikrar og støttar på plattingen tar tak for å hjelpe å få stanga opp. Dermed tre raude lys og underkjent først forsøk.

08.55: Og her er Hugdal! Dette er eit viktig løft med tanke på samanlagtkonkurransen og medaljekampen!

08.54: Amerikanske Holcomb får ei god opning på benkpress-konkurransen med 165 kilo godkjent i første forsøk.

08.50: Og der har Hugdal si opningsvekt blitt meldt inn. Saudabuen skal løfte 215 kilo i første forsøk. Det er 15 kilo meir enn det nest høgaste opningsløftet som er meldt inn. Det har Brown med 200 kilo.

08.49: Det er ein perfekt start for Su, som får løftet godkjent frå alle tre dommarane.

08.48: Og klokka har begynt å gå for benkpressøvinga. Andreplasserte Fang-Yun Su etter knebøy er først ut. Ho skal opne med 145 kilo.

08.46: Hugdal har verdsrekorden i benkpress som del av ein styrkeløftkonkurranse, kor øvinga er den andre av tre som gjeld. Verdsrekorden hennar der er 227 kilo.

08.45: – Benkpress er nok øvinga eg er mest tankefull i, og det er øvinga kor sjølvtilliten varierer mest. Samtidig er eg oppe og snusar på vekter rundt min personlege rekord på trening, så mykje er gjort riktig. Men det handlar om å vere taktisk klok gjennom heile konkurransen og samle mest mogleg kilo for ein god total, sa Hugdal til Ryfylke tidlegare denne veka.

08.42: Benkpress er ei spanande øving for Hugdal. Det var i benkpress i EM i styrkeløft i 2017 ho skada hennar venstre olboge alvorleg, og opptreninga var ein tidkrevjande prosess som tok godt og vel éitt år.

08.37: Ser ein på kva løftevekt utøvarane var påmelde med for dei ulike øvingane, er det særleg russarane Anna Kukhareva og Daria Efimtseva som presterte svært godt i knebøy. Med 270 kilo er dei høvesvis 20 kilo (Kukhareva) og 15 kilo (Efimtseva) over vekta dei stod med i påmeldingslista. Det er ingen tvil om at begge har alvorlege planar om å kjempe om medaljane, slik Hugdal også håper å gjere.

08.32: Etter knebøy har ein følgande resultatliste:
1. Bonica Brown, 318,5 kilo
2. Fang-Yun Su, 285 kilo
3. Rebecca Holcomb, 280 kilo
4. Anna Kukhareva, 270 kilo
5. Daria Efimtseva, 270 kilo
6. Hildeborg Juvet Hugdal, 265 kilo
7. Soley Jonsdottir, 260 kilo
8. Laura Berry-Webb, 185 kilo

08.29: Nå er det 20 minutt pause før utøvarane skal i aksjon i benkpress. Det er Hugdal si beste øving samanlikna med dei andre.

08.28: Og Brown er taktisk. Ho står over det tredje forsøket for å spare kreftene til dei to andre øvingane. Det kan ein jo forstå, for med 318,5 kilo er ho 33,5 kilo føre Fang-Yun på andreplass.

08.27: Fang-Yun frå Taiwan bles gjennom knebøy-delen av konkurransen med tre godkjente løft. I tredje forsøk får ho godkjent 285 kilo.

08.26: Efimtsova forsøker seg like greitt på juniorverdsrekorden med 280 kilo i tredje forsøk. Det går ikkje, og russaren blir ståande på 270 kilo.

08.25: Holcomb får godkjent sitt tredje forsøk, og ho hoppar dermed opp på foreløpig tredjeplass med 280 kilo.

08.24: Det er tre raude lys også for Jonsdottir frå Island. 18-åringen, som er yngst i konkurransen, høyna til 275 kilo, men heller ikkje det gjekk. Ho blir dermed ståande på 260 kilo som teljande resultat, som var hennar opningsforsøk.

08.23: Men nei. Løftet blir godkjent av éin dommar, underkjent av to, og dermed blir Hugdal ståande med 265 kilo som teljande resultat i knebøy, etter to underkjente forsøk på 272,5 kilo.

08.23: – Og det må eg seie, det løftet såg djupare ut, seier kommentatorane.

08.22: Og me er her, siste forsøk for Hugdal!

08.21: Efimtseva, som sette juniorverdsrekord tidlegare i år, er oppe på tredjeplass etter at alle har vore gjennom forsøk to. Ho løfta 270 kilo. Hugdal er på foreløpig fjerdeplass med 265 kilo. Det er meldt inn at ho skal prøve seg på 272,5 kilo igjen.

08.19: Og har du sett! Brown går til 318,5 kilo, og ho får løftet godkjent av samtlige tre dommarar. Det er ei solid leiing for amerikanaren.

08.18: Taiwanske Fang-Yun leverer varene! Med 280 kilo, og det er godkjent, styrkar ho sin andreplass.

08.17: Holcomb løfta 260 i første forsøk, og ho høynar til 275 kilo i andre forsøk. Det ser ut til å gå greitt, men igjen er dommarane misnøgde med kor langt ned utøvaren går. Ho får løftet underkjent av to dommarar, éin dommar godkjenner det. Dermed får heller ikkje ho teljande resultat i dette forsøket.

08.16: Islandske Jonsdottir forsøker seg også på 272,5 kilo, men som Hugdal får ho det underkjent for å ikkje gå djupt nok.

08.15: Dermed blir Hugdal ståande på 265 kilo før siste forsøk i knebøy.

08.14: Og det er tre raude lys for Hugdal! Ifølge kommentatorane går ho ikkje djupt nok, dessverre for Hugdal.

08.14: Og Hugdal er på plattingen igjen! Andre norske utøvarar og støtteapparat lar seg høyre som support og heiagjeng.

08.13: Hildeborg Juvet Hugdal og det norske støtteapparatet har meldt inn at saudabuen skal prøve seg på 272,5 kilo i andre forsøk. Det er 7,5 kilo meir enn opningsvekta hennar.

08.12: Laura Berry-Webb var einaste som fekk registrert eit dødt løft i første forsøk. Det rettar ho på i andre forsøk, og ho får godkjent 185 kilo. Dermed er samtlige åtte utøvarar på tavla med eit gjeldande resultat.

08.10: Su Fang-Yun frå Taiwan, som starta på 270 kilo i knebøy, er også på tavla. Dermed er ho på andreplass. Brown var siste løftar i første runde, og dei har umiddelbart starta runde to.

08.09: Og Bonica Brown, den store gullfavoritten, er på plattingen. Ho løftar 310 kilo, og samtlige dommarar godkjenner løftet. Dermed har me ein ny leiar, og det er ganske så suverent, 45 kilo føre Hugdal.

08.07: Og det er godkjent! 265 kilo for Hugdal i første forsøk, og ho er i tet. Éin av dommarane underkjente løftet, men det blei godkjent av dei to andre. Dermed er det gjeldande.

08.07: Då er me klare for Hugdal! 265 kilo er vekta ho skal prøve å løfte.

08.05: Éin av dei største førehandsfavorittane får me alt like etter Efimtseva. Det er amerikanske Rebecca Holcomb. Og det ser enkelt ut når ho løftar 260 kilo! Det er leiing, og fem kilo mindre enn kva Hugdal skal opne med.

08.04: Russiske Daria Efimtseva, som tidlegare i år sette verdsrekord for juniorar, opnar med 252,5 kilo som tredje utøvar på plattingen. Det gir ho den foreløpige leiinga, medan me ventar på dei største favorittane..

08.02: Konkurransen har starta, eit par minutt på overtid. Britiske Berry-Webb opnar med eit ugyldig løft på 185 kilo. Straks er det saudabuen som skal i aksjon.

08.00: Hugdal si opningsvekt i knebøy er meldt inn å vere 265 kilo. Det er tredje høgast av samtlige i konkurransen. Brown har meldt inn 310 kilo som opningsvekt, medan Fang-Yung Su frå Taiwan har meldt inn 270 kilo.

07.59: Kvar utøvar har tre løft i dei ulike øvingane. Klokka 08.00 er det knebøy. Deretter følger benkpress, før markløft er siste øving. Det er 20 minutt pause frå siste utøvar har løfta for tredje gong i ei øving til neste øving startar.

07.58: Ifølge arrangøren si oversikt er det britiske Laura Berry-Webb som er først ut frå klokka 8.

07.40: Det er 20 minutt til konkurransen startar. Hildeborg Juvet Hugdal er siste utøvar som skal i aksjon for Norge i dette verdsmeisterskapet. På lista over påmelde er ho rangert som den tredje beste utøvaren med 695 kilo løfta. Hennar personlege rekord er 705 kilo. Styrkeløftkonkurransen består av knebøy, benkpress og markløft. Det beste løftet i kvar øving blir gjeldande og rekna saman. Amerikanaren Bonica Brown må finne seg i å vere storfavoritt. Ho er verdsrekordhaldar med 793 kilo.

VM i styrkeløft består av øvingane knebøy, benkpress og markløft. Utøvarane blir rangert ved at det beste løftet i kvar øving blir gjeldande og rekna saman for å avgjere rekkefølga på utøvarane. I kvar øving får utøvarane tre forsøk.

Det er åtte påmelde utøvarar i saudabuen sin klasse. På startlista er Hugdal rangert som tredje beste kvinne. Persen hennar er frå 2014. Då løfta ho 280 kilo i knebøy, 220 kilo i benkpress og 205 kilo i markløft.

– Eg er først og fremst ute etter å slå meg sjølv. Alt under den personlege rekorden blir eg nok skuffa over, forklarer 36-åringen.

I tillegg til den samla konkurransen blir det også delt ut medaljar for kvar enkeltøving, men den største prestisjen og merksemda er knytt til den totale rangeringa etter alle tre øvingane.

Blant dei påmelde er det amerikanarane Rebecca Holcomb (753,5 kilo totalt) og Bonica Brown (793 kilo) som er favorittar. Brown har dominert styrkeløfting internasjonalt i ei årrekke. Tidlegare i år flytta ho sin eigen verdsrekord frå 783 kilo til 793 kilo.

– Amerikanarane har trent ekstremt bra dei siste åra. Tidlegare var ein med i gullkampen om ein gjorde over 700 kilo totalt. Sånn er det ikkje lenger. Likevel drøymer eg nok om ein pallplass, og ein medalje i benkpress. Benkpress er enkeltøvinga kor eg kan vere med i gullkampen, seier Hugdal.