Du som er fødd i -04: Søk Sauda vidaregåande skule, då vel!

Måndag kveld, 18. november, vart det skipa til informasjonsmøte i Næringsparken. Tema var vegval vidare etter tiande klasse, der me òg fekk mykje god informasjon om Sauda vidaregåande skule, (SVGS).

Under – og etter – møtet gjorde eg mine tankar om SVGS. Når eg såg og høyrde kor bra aktørane frå skulen marknadsførte skulen, undrar det meg at det er så alt for få suldalselevar som ikkje set SVGS øvst på prioriteringslista, i fjor var det berre kring ein firedel av suldølen som valde det nære alternativet. Og, fekk me vita i møtet, for første gong var det færre elevar frå Sauda og Suldal enn tilreisande.

Eg grip difor tastaturet for å gjere mitt for å snu trenden, prøva å framsnakke SVGS slik at fleire suldøler (og saudabuar…) set nærskulen SVGS øvst på lista. Så, korleis skal ein best framsnakke ein vidaregåande skule? Kva emne som ville fengja elevane er ein ting – kva som fengjer foreldra er noko anna…

Eg tenkte vel ikkje å skriva om kor fortreffeleg skulen er lokalisert. For elevane frå Vinjar og Sand skulekrins er det nær sagt perfekt med tanke på skyss. Her bør jamvel dei som berre kan «daffa» seg bort på kaien, «detta» om bord i hurtigbåten til Ropeid og vipps er dei i Sauda, vera stornøgde. Retur frå Sauda har opptil tre ulike avgongar…

Når me først er inne på skyssen, er det nok heller ikkje nødvendig å ta til orde for optimalisering av skyssmuligheter frå både Øvre Suldal og ytre strók av kommunen, slik som Erfjord, Jelsa og Ropeidhalvøya. Dette reknar eg med går seg til etter kvart som tilpassinga etter underverket uti Sandsfjorden går seg til, og søkjartala stig…

Både tiandeklassingar og foreldre er nok godt kjende med den fabelaktig velhaldne bygningsmassen skulen har til rådvelde. Drive etter prinsippet om at første sauen dreg fleire med seg, og såleis er skribling/tagging ikkje å sjå på veggene og eit lunt og godt miljø pregar det heile – så dét tek eg meg ikkje bryet med å nemne…

Vidare ville det heller ikkje vera naturleg å bruke mykje blekk på å framheve kor fortreffeleg det er å ha tilgang på hybel i Sauda og slik få ei mjuk overgang til vaksenlivet samstundes som det er kort veg heim – dersom trening, kveldsjobb, 4H eller andre fritidssyslar dreg…

Det er vel heller tvilsamt om nokon ville bry seg om det sparepotensialet som faktisk ligg ved å velje SVGS framfor by´n. Bortebuarstipendet dekkar hybelkostnad med margin, men dette er nok dei fleste kjende med frå før, og det er truleg ikkje dét som vil snu trenden…

Innleiingsvis nemnde eg lærarane som marknadsførte skulen så bra under møtet på Sand. Det skulle såleis ikkje vera naudsynt å framheve DEN gjengen med framifrå lærarar – som er positive drivarar av ein vidaregåande skule som verkeleg BRYR seg om ungdommane våre. Denne «bryinga» skjer frå tidleg morgon med vekking – i skuletida, med klassestorleikar som gir eit godt læringsmiljø og god kontakt mellom lærar og den einskilde elev – og på kveldstid, med ulike arrangement/samlingsstunder…

Uvesentleg er det vel kanskje og, at skulen tøyer seg og prøver å gjere ALT for at elevane skal få sine ønskje om fagretning og –kombinasjonar oppfylt…

Kva emne kunne ein så ha skrive om, dersom ein skulle ha drege fram føremoner som ligg ved å ha Sauda vidaregåande skule…?

Eg kunne jo ha drege frem eit kjedeleg emne om kor viktig SVGS er for næringslivet i Sauda – og Suldal. Med kring 100 tilsette gir dét ringverknadar som let seg høyre… Dersom ei lita bedrift, enten det er i Sauda eller Suldal, må leggje ned, er det synd for dei som misser arbeida sine og effekten dette har på lokalmiljøet. Om SVGS forsvann ville det vore for jordskjelv å rekna, der mange bedrifter og næringar verkeleg ville merka det…

Så trur eg vel neppe det har noko for seg å skrive om kor viktig det er å halde ungdommane i nærmiljøet Sauda/Suldal dei to-tre åra eit vidaregåande løp varer… Det er vel kanskje ikkje forska tilstrekkeleg på emnet… emnet om kor mykje større sannsynet er for at ein ungdom vert bufast i heimkommunen etter 12-13 års skulegonge versus 10… at ungdommane lettare søkjer seg heimatt då, etter å ha vore ute og studert – eller arbeidd – nokre år før dei kjem på at; «eg skal heimatt»…

Men, så kom eg på det… eg kan skriva om kor viktig det er at praten om vidare utdanning ved SVGS får eit positivt forteikn, kring middagsborda i heimane våre,  både i Suldal og Sauda. Då er kanskje vona god for Sauda vidaregåande skule vil halde topp kvalitet i mange, mange år enno…

SSB opplyser at venta levealder i 2017 var 84,3 år for kvinner og 80,9 år for menn. Så, det er ikkje sikkert at ein plent må ut av heimbygda straks ein er 16 år, her er god tid…

Difor, gode tiandeklassing: Så sant du finn aktuell fagretning ved utvalet hjå Sauda vidaregåande skule, tenk deg grundig om før du spring over bekken og vel ein annan skule! Då gjer du både deg sjølv, foreldra dine og – ikkje minst – bygda di ein teneste – du får rikeleg tid til å lufta deg, etter to-tre år ved SVGS.

Lukke til!