Kiwi (8) er ein svart og kvit liten jakthund.
Kiwi (8) er ein svart og kvit liten jakthund. FOTO: Familien Alhaug.

Planlegg storsøk etter Kiwi (8)

Jakthunden Kiwi forsvann ved Åsane hyttefelt for snart ei veke sidan. I morgon, laurdag, organiserer Sauda Røde Kors ein leiteaksjon etter den sakna hunden.

– Mange har alt engasjert seg i leitinga. Då Rune Håheimsnes ringde meg og fortalde at han og Røde Kors ville halda ein leiteaksjon, blei eg både veldig glad og nesten litt pinlig berørt. Me vil jo helst ikkje vera til bry for folk. Men det er jo heilt fantastisk at folk engasjerer seg på denne måten, seier Espen Alhaug, som er eigar av den sakna jakthunden Kiwi.

Har eit lite håp

Kiwi forsvann ved Åsane hyttefelt i Svandal sist laurdag, under ein tur med eit familiemedlem. Sidan då har familien Alhaug og mange andre saudabuar og hyttefolk leita etter henne. Espen Alhaug og familien bur i Stavanger, og han har fleire gonger den siste veka reist inn til Sauda for å leita.

– Det er litt som kjærleikssorg, der det er heilt overveldande i starten, men så går det betre etter kvart. Det var verst i starten, då me såg føre oss at ho var skadd eller sat fast og at ho lei vondt. Men nå har det gått så lang tid at ein tenker at det kanskje er over, at ho er død. Ein kan ikkje ligga søvnlaus natt etter natt lenger, seier han.

Samtidig veit Alhaug at det framleis er eit lite håp om å finna Kiwi i live.

– Oppdrettaren som me kjøpte henne av, fortel at han har opplevd 15-20 slike situasjonar der denne hunderasen har forsvunne. I alle tilfella har hunden kome til rette etter ein gong mellom tre og ti dagar – uavhengig av årstid og vêr. Det gjer at me framleis har eit visst håp, seier Alhaug.

Etterlyser mannskap

Det er Rune Håheimsnes som har tatt initiativ til leiteaksjonen i morgon, laurdag. Han har også leita etter Kiwi i Svandal-området tidlegare i denne veka. Håheimsnes er Røde Kors-medlem og er også sjølv hundeeigar.

– Røde Kors hjelpekorps vil organisera leiteaksjonen, som vil ha base på Lyngmyr. Alle som vil, kan bli med på aksjonen. Jo fleire, jo betre, seier han.

Røde Kors tar laurdagens arrangement som ei fin øving i å organisera ein leiteaksjon.

Kiwi er av rasen Breton, er svart og kvit og åtte år gammal.

– Me veit at denne hundetypen kan gå inn i ein veldig ”jaktmodus”, der den unngår folk i mange dagar. Men etter kvart finn den ut at det ikkje er så kjekt å vera ute åleine likevel. Me håpar at ho er der ute og er klar for å treffa folk igjen, seier han.

Det har tidlegare denne veka også blitt leita etter Kiwi ved bruk av drone og varmesøkande kamera, utan resultat.