Overoptimistisk budsjett?

Det var på mange måtar eit roseraudt skjær over kommuneadministrasjonen sitt forslag til budsjett for 2020, då rådmann Rune Kloster Tvedt presenterte dette i slutten av oktober. For første gong på lenge hadde det ikkje vore behov for store, tunge kuttprosessar i kommuneorganisasjonen. Det var faktisk, ifølge rådmannen, til og med litt pengar å «ha det gøy» for.

I budsjettforslaget var det lagt inn aktivitetar for over seks millionar kroner meir enn det var dekning for. I praksis tyder dette at budsjettet i utgangspunktet manglar meir enn seks millionar kroner. Forklaringa til rådmannen var at det erfaringsmessig alltid er litt å gå på i eit så stort budsjett, slik at ein dermed vil klara å henta inn desse midlane i løpet av året.

Det er både overraskande og ikkje så overraskande at kommunestyret vil vera med på å budsjettera på denne måten. Det er sjølvsagt komfortabelt å sleppa å gi seg i kast med kostnadskutt tilsvarande den manglande summen. Samtidig er det ein sjanse å ta at det faktisk lar seg gjera å dekka det heile inn i løpet av året.

Storleiken på beløpet tyder på at politikarar og rådmann set si lit til at kommunen får inn dei 6,3 millionane frå eigedomsskatt for Sønnå høg-kraftverket, som i dag ikkje ligg inne i skattegrunnlaget. Det er ikkje usannsynleg at desse pengane kjem og at dei lokale styresmaktene dermed landar på beina.

2020-budsjettet blei vedtatt i kommunestyremøtet 11. desember. I tillegg til å velsigna rådmannen sitt underdeknings-trekk, valde det politiske fleirtalet optimistisk å plussa på summane som på eitt eller anna vis skal dekkast inn i løpet av året. Verken styrking av nattbemanninga ved Sauda DMS eller kostnaden ved å drifta turistkontor heile året er finansiert, men plassert på rådmannens bord med oppdrag å finna pengane ein eller annan stad. Det er mykje som liknar ansvarsfråskriving i det som nå skjer. I staden for sjølv å omprioritera midlar, gir politikarane altså rådmannen i oppdrag å skrapa saman dei nødvendige kronene. Det er ikkje uansvarleg å la fagfolk finna ut korleis ressursane best kan nyttast, men her er det for store beløp utan adresse, innanfor tenesteområde som alt har kutta til smertegrensa.

Kommunebudsjettet blir alltid laga med ein buffer, slik at ein skal tåla uføresette hendingar undervegs i rekneskapsåret. I prinsippet blir det nå òg innført ein negativ buffer, i form av økonomiske forpliktingar det i utgangspunktet ikkje er dekning for. Det høyrest ut som ein dårleg idé.