Et opp maten din!

Julehandelen er over oss, og med den ekstra fulle handlevogner med godsaker me vil kosa oss med i julehøgtida. Og like sikkert som kalenderen seier me er i desember, startar daglegvarekjedene si årvisse dumping av prisen på typiske julevarer.

Priskrig er i utgangspunktet kjempegreier for forbrukaren. Alle liker å gjera gode kjøp og få varer ein er på leit etter ekstra billeg. Etter kvart som prisane kryp nedover, skjer det imidlertid noko med folk. Ikkje bare hamnar det meir i korga av dei ulike varene enn ein hadde tenkt, ein plukkar i tillegg med seg saker og ting ein på ingen måte hadde planlagt å kjøpa. Og det i mengder. For det er jo så billeg.

Ifølge tal frå Virke bruker nordmenn om lag 24 prosent meir pengar på mat i desember enn elles i året. Sannsynlegvis unner folk seg ekstra god mat i juletida, men same korleis ein snur på det, blir det òg kjøpt meir mat i julemånaden. Og med meir mat i kjøleskåpet, blir meir mat kasta. Julehøgtida blir òg ei høgtid for matsvinn.

I eit slikt perspektiv blir hamstringa av billege julematvarer eit lite gjennomtenkt trekk. Privat kastar kvar av oss 43 kilo mat i året. Desember bidrar utvilsamt til å halda matsvinnet oppe, og er samtidig ein månad det vil monna om ein set det for seg å gjera noko med det. Særleg ekstremshopparane, som overfyller handlekorgene med billeg surkål, risgraut, marsipan, lutefiskbacon og peparkaker, må jo ha eit enormt potensial for å redusera svinn. Det går trass alt ei grense for kor mykje av desse varene ein klarer å eta.

At folk ikkje klarer å styra seg når prisen blir låg nok, viser plakatane i butikkane som fortel at kvar kunde maksimalt får kjøpa tre eksemplar av enkelte varer. Det skulle vera unødvendig med slike avgrensingar, men er tydelegvis ikkje det.

For kundane er julepriskrigen utan tvil ei glede med ein viss bismak. Daglegvarekjedene tapar hundrevis av millionar av kroner på kampen, og det vil vera naivt å tru noko anna enn at det er nettopp me kundane som må dekka opp for tapet gjennom høgare prisar enn nødvendig resten av året.

Det er sjølvsagt på ingen måte ulovleg å hamstra billege julematvarer. Når det i enkelte handlekorger tar heilt av, framstår dette likevel både egoistisk og unødvendig. Og lite miljøvennleg, matsvinnet tatt i betraktning. Tenk deg derfor ekstra godt om neste gong du handlar, om du verkeleg treng å stappa korga di full av juletilbodsvarer – bare fordi dei er så ufatteleg billege.