Snart Sauda sin tur?

Tallause arbeidstimar og iherdig innsats til trass: Sauda slit med å få snudd ein årelang negativ næringslivsspiral i oppadgåande retning. Kan 2020 bli året då det endeleg tar til å løsna?

Øvst på ønskelista står framleis nyetableringar som gir arbeidsplassar lokalt. Dei seinare åra har fleire etablerarar stått på trappene til å starta opp verksemd i Sauda. Så langt har det ikkje blitt fast fisk, men for fleire aktuelle kandidatar står døra framleis på gløtt. Dette gjeld mellom anna landbasert oppdrett av reker og lakseoppdrett på lekter. Det finst med andre ord «von i hangande snøre», som han i si tid sa, stortingsmannen og saudabuen Kjell Bondevik.

Nyetableringar er éin ting, men ein må sjølvsagt ikkje gløyma det eksisterande næringslivet. Det siste året har det dukka opp indikasjonar som tyder på at noko er i gjære med omsyn til tilgangen på arbeid i Sauda. Då Sauda Vekst og Portal Norge inviterte til treff i romjula, kunne arrangørane legga fram tal som viste at det for tida er fleire ledige stillingar både i det offentlege og i det private næringslivet. Det blei vidare signalisert eit aukande behov både for fagarbeidarar og personar med høgskuleutdanning i åra som kjem, kanskje så mange som 30-40 i året.

Frå å ha eit problem med få utlyste stillingar, er ein nå på veg over til å ha utfordringar med å få tak i nye medarbeidarar. Dette er naturleg nok uheldig for bedriftene det gjeld, men eit pluss med omsyn til at Sauda igjen kan få eit ord på seg for å vera ein stad det er muleg å finna seg jobb.

Parallellen mellom folketal og arbeidsplassar er ofte trekt fram som ei av forklaringane på at talet på saudabuar har gått jamt og trutt nedover i snart 60 år. Samanhengen er openlys. Viss ein kan lita på signala om at tilgangen på arbeidsplassar nå er aukande, vil ein muleg effekt dermed vera aukande innbyggartal. Det vil igjen gi betre tider i handels- og servicenæringane og gjerne gi meir arbeid også i den sektoren. Då går spiralen motsett veg av dei siste tiåra.

Samtidig med at det er jobba godt for å tiltrekka seg ny næring, har saudasamfunnet lagt ned ein stor innsats for å gjera kommunen til ein meir attraktiv stad å bu og leva. Det er arbeidet ein lever av, men ein treng også noko å leva for. Nytt kulturhus og utebadeanlegg kan i enkelte sine auge verka som unødvendige luksusinvesteringar, men ein skal ikkje kimsa av folk sitt ønske om tilgang på kultur og aktivitetar når dei skal velga sin framtidige heimstad.

Utdrag:

«fleire ledige stillingar både i det offentlege og i det private»

Forsida: