Film er fortsatt best på kino

Det heiter seg at «Film er best på kino». Likevel nyttar saudabuen kinoen sin stadig mindre. Den digitale revolusjonen utfordrar kinoen sin posisjon. Film og seriar på stadig fleire plattformar strøymer inn i «de tusen hjem». Er kinoen i ferd med å bli overflødig?

Sauda si kinohistorie går langt tilbake i tid, lenger enn Ryfylke sitt snart 94-årige arkiv. I starten blei kinodrifta førestått av private krefter, men i september 1937 nytta ordførar Jakob M. Remseth dobbeltstemma si for å sikra fleirtal for kommunal kino. Dette skjedde i samband med behandlinga av saka om å bygga nytt rådhus. Ikkje alle kommunestyrerepresentantane var elles like begeistra for heile kinoen, éin meinte til og med at kino var ein «kreftsvulst på samfundet».

Kino er for øvrig ei forkorting for kinematograf, ei norsk form av «Cinemathographe», namnet på Lumière-brørne sin filmframvisar frå 1894 som viste «levande bilde».

Alle byar med respekt for seg sjølv har kino. Me snakkar om ein av grunnpilarane i kulturtilbodet. Ein skal ikkje undervurdera betydinga av å ha ein kino når ein prøver å få familiar til å flytta til Sauda. Eller til å bygga hytte i kommunen. Ikkje for det at hyttefolket renn ned kinoen i dag, men tilbodet fins, og det har ein verdi i seg sjølv.

Ein skal heller ikkje undervurdera kinoen sin misjon som sosial møteplass. Opp gjennom tidene har kinoen vore ein av stadene der både vaksengenerasjonen og dei oppveksande slektene har kunna møtast i ein uformell samanheng. For ikkje å snakka om viss det var nokon ein likte ekstra godt og ville gjera eit framstøyt. Då kunne kinoen vera god å ha. I dag vil det som oftast vera utfordrande å forsvinna i folkemengda på Sauda kommunale kino…

Kinobesøket heng også saman med kva filmar som blir sett opp – som igjen er avhengig av kva filmar som blir laga. Ein kjem nok neppe tilbake til den tida då ordensmakta måtte til for å halda styr på køen nedover Torggata, men det dukkar framleis opp storfilmar som drar fulle hus i kinosalen i Rådhuset.

Film og kino er gjerne noko ein forbind med barne- og ungdomstida. Det ligg nært å tru at mange av dykk som ein gong var glade i å gå på kino rett og slett har gløymt ut kor kjekt det er. Opp gjennom åra har lyd og bilde blitt betydeleg betre. Og du sit ganske godt også, særleg på den bakre rada. Er det ikkje snart på tida å gi den lokale kinoen ein sjanse og finna ut om det gamle munnhellet «Film er best på kino» framleis held vatn?