Kampen om arbeidskrafta

Torsdag inviterer vekstselskapa i Sauda og Suldal til si årvisse yrkesmesse, denne gongen i Saudahallen. Her får kommunane og det lokale næringslivet eit utmerka høve til å visa seg fram og fortella om framtidige jobbmulegheiter for ungdommane som snart skal velja yrke.

Å møta ungdommane på yrkes- og utdanningsmessa er ein viktig del av arbeidet med å rekruttera folk inn i sin bransje. Rekrutteringsarbeid generelt har utvikla seg til å bli eit langsiktig prosjekt på mange fagområde. Og det har aldri vore viktigare enn nå å ta rekrutteringa på alvor.

Konkurransen om arbeidskrafta i Norge er for alvor i ferd med å tilspissa seg. Ifølge ei undersøking gjennomført i 2019, manglar norske bedrifter over 60 000 arbeidstakarar. Verst er det i bygg- og anleggsbransjen, der det mellom anna er vanskeleg å få tak i både tømrarar, elektrikarar og røyrleggarar. Høgt oppe på lista finn ein også ingeniørar og buss- og lastebilsjåførar. Nyleg publiserte statistikkar fortel òg at det er mangel på kvalifiserte lærarar og fagfolk i helsesektoren. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå fortel at Norge i 2035 vil mangla 28 000 sjukepleiarar og 18 000 helsefagarbeidarar dersom ikkje fleire utdannar seg til desse yrka. Sistnemnde som ein følge av at det blir stadig fleire eldre, samstundes som talet på yngre med omsorgsbehov er tredobla sidan årtusenskiftet.

Mangelen på kvalifisert arbeidskraft kan neppe seiast å vera dei unge si skuld. Ein betydeleg større del av ungdomane gjennomfører anten ei fagutdanning eller ei høgare utdanning i dag enn for nokre tiår sidan. Problemet er at dei unge er så alt for få.

Ikkje bare i Sauda, men også nasjonalt gir fødselstala grunn til uro. I glansdagane, på 1950-talet, opplevde Sauda årskull på over 120 ungar. I dag ligg den årlege «produksjonen» på om lag ein tredel av dette. Også nasjonalt er fødselstalet kraftig på veg nedover. I 2018 var fruktbarheitstalet i Norge, det vil seia kor mange ungar kvar kvinne set til verda, 1,56. Så lågt har dette talet aldri vore før.

Løysinga på den vedvarande og aukande mangelen på arbeidskraft er like enkel som ho er komplisert. Viss det ikkje blir fødd fleire ungar her i landet, vil samfunnet sitta igjen med eit reknestykke det ikkje er muleg å få til å gå opp.