Stadig fleire lesarar tar i bruk den digitale utgåva av Ryfylke. Talet på besøk på ryfylke.net steig frå 2018 til 2019 med nær 20 prosent til 455 000. Desse stod igjen for drygt 880 000 sidevisningar.
Frå januar 2018 valde avisa å legga dei fleste sakene sine bak betalingsmur. Ikkje uventa gjekk besøkstalet kraftig ned som ein følge av dette, men viser gjennom heile 2019 ei stigande trend samanlikna med året før.
Død og drama
Ikkje uventa er det artiklar om dramatiske hendingar som blir mest lese. Ulukker, død og brannar viser seg å vera populært lesestoff, ein trend som har vist seg stabil over år. Medan 2018 hadde artiklane om skogbrannen på Austarheim som dei desidert mest lesne med over 11 000 treff totalt, var det ingen saker som vakte like mykje interesse i 2019.
Eit heiderleg unntak blant alt det triste er at saka om opninga av den nye klesbutikken Fabel i lokala der Tara tidlegare heldt til. Denne blei i løpet av 2019 lese 3 115 gonger, noko som gjer dette til den fjerde mest lesne saka i løpet av året.
Også kommunevalet ser ut til å vera interessant stoff for Ryfylke sine lesarar. Over 2 000 leste sakene om det nye kommunestyret og om valresultatet i september.
Mest lesne saker på Ryfylke.net i 2019:
1 Mann funnen død på Espeland (august) 3 671
2 Tolvåring påkjørt i sentrum (juli) 3 432
3 Funnen død etter søk (juni) 3 192
4 Eventyrleg satsing på ny butikk (oktober) 3 115
5 Adele hadde englevakt i lufta (april) 2 770
6 Mann blei henta av Sea-King (oktober) 2 339
7 Her er det nye kommunestyret (september) 2 282
8 54 prosent til Sp (september) 2 110
9 Til legevakt etter å ha blitt stanga (oktober) 2 102
10 Tida ute for Tara (mai) 1 977
Kjelde: Google Analytics