Snu straumen!

I løpet av våren kjem Statnett etter alt å dømma til å søka om løyve til å bygga ny kraftlinje mot Haugalandet. Den nye linja vil gå anten frå Sauda eller frå Matre i Kvinnherad og er mellom anna tenkt å skulla gi kraft til elektrifisering av Kårstøanlegget i tillegg til å forsyna planlagde nyetableringar på Haugaland Næringspark i Tysvær med straum.

Ifølge Statnett hadde den nye kraftlinja i 2018 ein stipulert kostnad på 1,15-1,35 milliardar kroner. Den vil delvis måtta følga ein ny trasé, med mulege naturinngrep i Sauda eller Kvinnherad og vidare Etne, Vindafjord og Tysvær. Endeleg avgjerd blir fatta av Olje- og energidepartementet, som òg fastset kva alternativ og kva trasé som blir valt.

Det ligg ein betydeleg miljøgevinst i å forsyna anlegg som tidlegare har hatt gassbasert energiforsyning med vasskraft. Vidare er det forståeleg at ein samtidig sørger for ein kapasitetsauke som gir rom for etablering av ny kraftkrevjande industri på den 5 000 dekar store næringsparken i Gismarvik i Tysvær.

Det er vanskeleg å argumentera imot å auka kapasiteten på kraftforsyning til Kårstø, dersom elektrifisering av dette anlegget er hovudårsaka til linjebygginga. Det fell òg naturleg å legga til rette for ein generell auke av overføringskapasiteten i same slengen, for slik å få best muleg nytte av investeringa. Statnett vurderer imidlertid alt nå å starta planlegginga av neste trinn i nettutviklinga på Haugalandet. Då må det vera på sin plass å spørja om ein ikkje bør sjå nærare på om ein ikkje heller skal snu straumen – bokstaveleg tala.

Kvifor kan ikkje framtidig kraftkrevjande industri like gjerne etablerast der krafta finst, som i Sauda? Kvifor skal ein investera milliardsummar i ny kraft-infrastruktur, dersom krafta kan gjera like god nytte for seg utan å bli transportert milevis av garde?

Me snakkar sjølvsagt om den enkle, men likevel så kompliserte samfunnsrekneskapen. Den som faginstansar skuggar unna all debatt om, då dette ligg utanfor deira mandat. Den som det til sjuande og sist er politikarane som må legga på bordet og forsvara, eller eventuelt utfordra.

Kva om halve summen det vil kosta å bygga ut nok ei linje heller blir brukt i samband med etableringar som ikkje krev linjebygging? Ville ikkje det spara både pengar og natur?

Det ville vore interessant å høyra kva som eventuelt talar imot ein slik tankegang. Ikkje geografi, i alle fall. Det over 100 år gamle smelteverket i Sauda ligg som eit strålande eksempel på at det går an å driva business og tena gode pengar sjølv om ein ligg lengst inni ein fjord.