Det er varsla ekstremflo natt til onsdag.
Det er varsla ekstremflo natt til onsdag. FOTO: Illustrasjon: Yr.no.

Sjekk båten, naustet og anna lausøyre nær strandkanten:

Varslar ekstrem flo natt til onsdag

Yr.no går ut med raudt farevarsel når ekstremvêret «Didrik» treffer Sauda.

Vêret kombinert med høgt astronomisk tidevatn vil natt til onsdag løfta havvatnet til eit nivå 80-90 centimeter over høgda oppgitt i tidevasstabellane, melder vêrtenesta yr.no.

Vatnet vil ifølge varselet stiga til 177 centimeter over «sjøkartnull», som er forklart som eit definert nullpunkt som i praksis er det lågaste nivået havet når.

Vasstanden er venta å vera på sitt høgaste mellom klokka 02 og 03 om natta. Nett-tenesta sehavniva.no karakteriserer den forventa springfloa som «Høyvann med 100 års gjentaksintervall».

Det er bare meldt om flau vind, éin meter i sekundet frå nord/nordvest medan vatnet er på sitt høgaste

Ekstremvarselet omfattar strekninga Åna Sira-Austevoll.  Båteigarar blir oppmoda om å vurdera å ta båten på land og generelt sikra lause gjenstandar i naust og i strandsona.

Ny runde

Onsdag ved middagstider er det sendt ut oransje farevarsel grunna svært høg flo. Vasstanden vil då kunna stiga til 60-70 centimeter over det som er oppgitt i tidevasstabellane. Om lag klokka 14 vil vatnet stå 161 centimeter over sjøkartnull. Det er då meldt laber brist, seks meter i sekundet frå sørvest, går det fram på yr.no.

Les farevarselet på yr.no

Les meir om havnivået på sehavniva.no