Kevin Bjelland (til venstre) og Stian Langåker Bakka har som mål å bli lærarar. Dei håpar fleire gutar søker seg til yrket.
Kevin Bjelland (til venstre) og Stian Langåker Bakka har som mål å bli lærarar. Dei håpar fleire gutar søker seg til yrket. FOTO: Ingvil Bakka.

700 elevar fekk info og råd

Skule- og barnehagesektoren slit med rekruttering av menn. Kevin og Stian reklamerte for læraryrket.

– Eg oppfordrar elevar til å tenka på læraryrket. Under utdanninga får du tidleg testa ut om dette kan vera noko for deg. Eg trivst iallfall veldig godt så langt, seier Kevin Bjelland.

19-åringen starta i august på lærarstudiar ved Universitetet i Stavanger. Han satsar på å bli lærar på barneskuletrinnet, eit område som spesielt slit med rekruttering av menn. Bare ti-tolv menn, av til saman 80 studentar, tar denne studieretninga saman med Kevin i Stavanger. Under Yrkes- og utdanningsmessa i Saudahallen i går, torsdag, fronta han læraryrket på standen til Utdanningsforbundet saman med Stian Langåker Bakka.

Sistnemnde er 20 år og har valt ein annan veg mot læraryrket.

– Eg gjekk først to år på elektro, men fann ut at elektrikaryrket ikkje var noko for meg. Så tok eg påbygg. I haust begynte eg på ei bachelorgrad i historie ved Universitetet i Stavanger. Så skal eg ta ei mastergrad, før eg kan ta pedagogikkstudiar. Målet mitt er å bli lærar på vidaregåande skule, seier han.

På nabostanden  til Utdanningsforbundet står ein gjeng menn frå nettverket Menn i barnehagen. Entusiastiske Damian Hopkin og Sindre Johnsen har høvesvis 17 og fire år erfaring frå yrket, og elskar å snakka om kor kjekt det er å jobba i barnehage. Begge jobbar i den private barnehagen Espira Scala Tasta. Dei klarte nesten å omvenda dei to yrkessjåførelevane Teklebreham Kiflu (29) og Kristoffer L. Lindskog (17).

Teklebreham Kiflu (29) og Kristoffer L. Lindskog (17) fekk høyra kor kjekt og givande det er å jobba i barnehage frå Sindre Johnsen og Damian Hopkin frå nettverket Menn i barnehagen. Foto: Ingvil Bakka.

– Dei karane var det kjekt å høyra på. Eg går på yrkessjåførlinja, men kanskje eg kan bli barne- og ungdomsarbeidar eller barnehagelærar seinare i livet?, smiler Kiflu.

Lindskog innrømmer at han faktisk har tenkt på barnehageyrket, men at han landa på yrkessjåførutdanning.

– Eg har også tenkt på Forsvaret. Men går ikkje noko av dette, kan absolutt barnehage vera noko å vurdera, seier han.

Totalt 55 utstillarar deltok på Yrkes- og utdanningsmessa i Saudahallen torsdag. Av desse var det fleire private og offentlege og ulike utdaningsinstitusjonar, både på vidaregåande- og på høgskulenivå. Elevar frå ungdomsskulane i Sauda og Suldal og frå Sauda vidaregåande skule var målgruppa.

Sanne Åkre Hansen (nærast) kan tenka seg å ta eitt år i Forsvaret før politiskulen. Ho fekk informasjon om Forsvaret frå Sølvi Kvernøy. Foto: Ingvil Bakka.