Me må dra meir i same retning - og i takt.

Forventningar

2020 ligg ubrukt og rein framfor oss, med nye håp, forventningar og mål. I dagens avis kan du lesa kva eit knippe utvalde saudabuar forventar seg i det nye året. Til liks med mange av dei spurde, har også Ryfylke optimistiske forventningar for året me nå er inne i.

På kort tid har arbeidsmarknaden snudd frå å mangla jobbar til etter kvart å mangla kvalifiserte folk. Mannskapsmangelen hindrar lokale bedrifter i å utvikla seg dit dei ønsker. Konkurransen om arbeidskrafta krev skjerpa innsats på rekrutteringssida. Det er ei overkommeleg oppgåve, både næringslivet og kommunen har utvilsamt stått overfor større utfordringar tidlegare.

Tilgangen på nye stillingar gir på ingen måte grunn til å sakka ned innsatsen for å få på plass nyetableringar med «friske» arbeidsplassar og for å legga til rette for vekst i eksisterande bedrifter. Dette er eit evigvarande, langsiktig prosjekt. Etter fleire tiår med målretta jobbing for å tiltrekka seg ny aktivitet, må Sauda nå kunna forventa at investeringane snart byrjar å kasta av seg.

Sauda er ein stad med store, uforløyste mulegheiter. Særleg gjeld dette innan turistnæringa. Avisa har tidlegare løfta fram potensialet som framleis ligg i å satsa på fritidsbustader. Før eller seinare må det òg la seg gjera å realisera fleire av dei mange mulegheitene som finst innan opplevingsturisme. Sauda bognar av industri, kraft og kultur i ei salig blanding. Her finst tallause historier som skildrar det unike med nettopp Sauda. Når skal nokon skapa dette om til klingande mynt?

Ved budsjettbehandlinga i desember vedtok kommunestyret at turistinformasjonen nå skal vera i drift heile året. Kommunen har ei svært viktig rolle som tilretteleggar, og vedtaket er i så måte eit viktig signal. Det er likevel næringslivet sjølv som må driva næring. Ein sentral faktor i arbeidet med å skapa attraktivitet, aktivitet, trivsel og med det omsetning, er at næringslivet, både tradisjonelle reiselivsbedrifter, men òg handels- og servicenæringa generelt, går i same retning – og i takt.

Då treng Sauda organisasjonar som Sauda Handelsforening med på laget, ikkje bare som passiv tilskodar, men som initiativtakar og aktiv medspelar for andre gode krefter som arbeider for byens beste. Den rolla forventar me at handelsforeininga inntar i 2020.