Ei kvinne er anmeldt for ruskøyring og brukstjuveri av eit køyretøy, etter at ho skal ha tatt ein bil tilhøyrande Sauda skisenter laurdag kveld.
Ei kvinne er anmeldt for ruskøyring og brukstjuveri av eit køyretøy, etter at ho skal ha tatt ein bil tilhøyrande Sauda skisenter laurdag kveld. FOTO: Even Emberland/arkiv.

Nekta å etterkoma pålegg frå politiet

Ordensforstyrring og to trafikkuhell i løpet av helga.

Natt til laurdag fekk politiet melding om bråk i Sauda sentrum. Meldinga blei registrert klokka 01.30. Ein ung mann var i klammeri med ein annan person på Kløver.

– Personen blei tatt ut av vaktene og overlevert til politiet. Det var ei noko uklar hendingsgang. Ingen av partane ville anmelde kvarandre. Politiet valde å vise bort vedkommande frå sentrum. Det etterkom han ikkje, og han blei difor anmeldt for brot på politiets pålegg, seier politioverbetjent Eivind Asheim.

Køyrde i eit tre

Klokka 03.48 natt til søndag registrerte politiet ei melding om ein bil som hadde køyrt i eit tre. Hendinga fann stad i eit byggefelt på Fløgstad.

– Bilføraren blei spora opp, og det blei tatt blodprøve og alkotest av han. Vedkommande hadde promille, og det blei oppretta sak om ruskøyring på føraren. Førarkortet blei beslaglagt, seier politioverbetjent Eivind Asheim.

Bilføraren er tidleg i 20-åra.

Ulukke i Varstadtunnelen

Søndag ettermiddag rykka naudetatane ut etter melding om ei trafikkulukke i Varstadtunnelen. Det var éin personbil med éin trafikant involvert.

Bilføraren blei frakta til Haugesund sjukehus, medan ein bergingsbil tok hand om køyretøyet.

– Personen var bevisst og pusta sjølv då han blei køyrd vekk. Han hadde smerter i nakken, seier politioverbetjent Eivind Asheim.

Trafikanten har bustadadresse i Sauda og er i 40-åra.