Ordføraren sin nyttårstale

Kjære kyrkjelyd: Godt nyttår!

Me har bak oss ei julehøgtid der julehelga var optimalt plassert midt mellom to ordinære helger. Eg håpar alle fekk nyta fridagane og slappa av. Vera med familien og snakka i lag. Dagens samfunn legg opp til ei jakt på det perfekte, noko som det er umuleg å oppnå. Det er faktisk slik at ikkje alle har det så greitt, sjølv om det kan sjå slik ut på utsida. Dette fekk me ei påminning om i jula, og me får håpa at mediedekninga i jula fekk fleire som treng det til å søka hjelp. Sauda har heldigvis eit godt tilbod, både frå kommunen og det frivillige dersom nokon treng støtte. Ein ting eg vil takka for i året som har gått er kyrkjelydsarbeidet i Sauda, mykje frivillig arbeid som hjelper mange. Kyrkja er ein god møteplass, om det er til ordinære gudstenestar, kyrkjekaffi, flotte konsertar eller julegudstenesta mange har som tradisjon å vera på.

I Sauda er romjula starten på skisesongen for mange. Derfor er snøforhold viktig for ei god julefeiring. Folk likar kvit jul, kanskje spesielt om ein skal feire jula på hytta i Sauda. Me var heldige i år, og skisenteret fekk starta sesongen, om enn ikkje med optimale forhold, så var det full drift i Sauda skisenter stort sett heile romjula. Sjølv om det blei litt mykje regn nå mot slutten. Saudasamfunnet nyt godt av hyttefolket som feirar jul i Sauda, og då må me ha snø.

Sauda merkar meir og meir at me er ein distriktskommune. Det er stadig sentraliserande grep frå statleg hald og det merkar Sauda med at tenestar, pengar og arbeidsplasser forsvinn i frå bygda vår. I 2019 har det vore flagga nedlegging av vegvesenkontor, skatteoppkrevarfunksjonen, trugslar om kutt i rutetilbodet til hurtigbåten, den statlege NAV-avdelinga får ikkje tilført nye tilsette om folk sluttar, og sist men ikkje minst rapporten frå kraftskatteutvalet. Eit ekspertutval har føreslått at Sauda og andre kommunar med kraftanlegg ikkje skal ha eigne inntekter frå naturinngrepa, men at alt skal gå til staten. Dette protesterer eit samla kommunestyre i Sauda kraftig i mot og rett før jul fekk me støtte også i frå Saudefaldene i saka. Kraftbransjen og kraftkommunane står samla i denne saka. Men regjeringa vil ikkje tone flagg og uvissa om denne saka held dermed fram inn i det nye året.

Men det har også vore mange kjekke hendingar i året som gjekk. Brattebakken feira 90 år og ny løypemaskin og Slettedalen innvia ny varmestove, løypemaskin og lysløype. Me opna ei ny institusjonsavdeling i andre etasje i sjukehusbygget og kommunen hadde god økonomi og leverte ein solid rekneskap. Eg vil óg trekka fram Solveig og Odd Wiik som fekk eldsjelspris for sin langvarige frivillige innsats. Sauda fekk ein smartby-pris, kven hadde trudd Sauda var ein av Noregs fire smartaste byar innan mobilitet? Sogelaget laga skiltløype i Åbøbyen, her kan du læra lokal historie samtidig som du tek søndagsturen. Ein ting me i kommunestyret var stolte av var at Sauda kommune byksa over 200 plasser oppover i kommunebarometeret. Ei årleg rangering av alle kommunar, føretatt av Kommunal Rapport på basis av offentlig tilgjengelige data frå offisielle kjelder som inkluderer 151 ulike nøkkeltall innan tolv forskjellige kategoriar. Eg må jo og nemna at me opna tredje etasje i sjukehusbygget, nyinnreia som barnevern- og PPT-lokale, skulane i Sauda leverer gode resultat, og me fekk på plass ny trapp på turstien inne ved Kastfoss. Eit innhaldsrikt og spennande år me har bak oss, og eg har trua på endå meir spennande for Sauda i 2020.

Det er óg slik at Sauda er med i større regionale prosessar. Når med samarbeider får me til mykje. Deltakinga i Ryfylke IKS er døme på dette, her har fem små ryfylkekommunar gått i bresjen for å få på plass ein internasjonal fiberkabel til Newcastle i England. Eit arbeid som startar opp nå på nyåret med god hjelp frå tunge regionale næringslivsbedrifter. Som ein naturleg forlenging av arbeidet med å få internasjonal fiber direkte til Ryfylke, har me, i lag med fylkeskommunen skipa New Kaupang, ein internasjonal marknadsplass for industritomter. Eit godt regionalt arbeid der nå heile Rogaland er med. New Kaupang skal ut i verda og selja Sauda som stad å etablera ny kraftforedlande industri. Eit svært spennande prosjekt for Sauda. Eg må i denne samanhengen også nemna RENergi, eit regionalt verktøy Sauda har vore med å starta i lag med ni andre kommunar på Haugalandet. RENergi jobbar med å utnytta energien me har tilgjengeleg i regionen for å skapa nye arbeidsplasser. Eit utspring frå dette programmet er prosjektet Grøn Vekst i Sauda, som Sauda Vekst nå er vertskap for. Prosjektet jobbar blant anna med å utnytta spillvarmen i frå Eramet.

2020 blir året der Eramet skal temma noko av flammen på taket, og noko av effekten blir mykje tilgjengeleg energi i form av varmt vatn. Dette blir eit fortrinn for Sauda når nye næringar skal etablera seg. Me satsar på at 2020 blir året der nye bedrifter etablerer seg i Sauda. Sauda treng nye arbeidsplasser.

I fjor var eit valår og seinsommar og haust var prega av valkamp. Partia i Sauda er flinke til å nytta anledninga til å få inn sentrale politikarar til Sauda. Dette er ein god måte å få formidla Sauda sine utfordringar og fortrinn og påverka utfallet av saker som betyr mykje for oss. Når kommunevalet var gjennomført og eit nytt kommunestyre var på plass. Så var det ein kjekk og motivert gjeng som møtte til første møte. Budsjettbehandlinga for dette året gjekk konstruktivt og roleg for seg. Og me har eit budsjett som skal gi gode tenester og viktige investeringar i 2020. Etter dei første møta med nytt kommunestyre kjenner eg det skal bli ein meiningsfull periode å vera ordførar i Sauda.

Ei av dei første sakene det nye kommunestyret skal ta fatt på i år er sluttbehandlinga av den nye kommuneplanen. Den er nå ute på siste høyringsrunde og manglar berre eit vedtak for bli gjeldande. Når denne er på plass vil Sauda kommune vera godt førebudd på ei positiv utvikling dei neste ti-tolv åra. Det er ein offensiv plan med fokus på heile Sauda. Viktige tema er næringsutvikling, gode tenester, sentrum, klima og miljø.

Nå på måndag var eg med då Ryfylketunnellen opna. Det var opninga av første ledd i Noregs største samferdselsprosjekt, Ryfast. Eit prosjekt som kjem til å endra Ryfylke på fleire måtar. Dette gir Sauda moglegheiter som me må gripa. I snitt blir turen rundt 40 minutt kortare frå Stavanger til Sauda. Det gir oss større marknader for hyttebygging og reiselivsutvikling. Det vil og bli auka aktivitet lengre utover i Ryfylke som Saudas næringsliv kan delta i. Ryfast er eit delprosjekt i «Ryfylkepakken» som blei behandla i Stortinget i 2002. Det var seks delprosjekt i pakken, og nå er det kun prosjektet med veg mellom Sauda og E134 i Etne kommune som står igjen. Sauda jobbar nå for å få dette oppover på agendaen i 2020 og åra som kjem. Dette prosjektet har i likskap med Ryfast positiv samfunnsnytte og vil styrka den indre kraft- og industriregionen vesentleg.

2020 kjem til å bli eit spennande år. Me har fått to «nye» naboar dette året. Sauda grensar nå til Vestland fylke og Ullensvang kommune. Eg ser fram til å samarbeide med desse og alle andre samarbeidspartnarar i det nye året.

Godt nytt år!