Psykolog Hegglund om

Foreldrerolla – grensesetting – skjermtid

Storsalen i Folkets Hus var halvfull då psykolog Trond Magne Hegglund møtte føresette i skule og barnehage (pluss eit par forvitne pensjonistar) Han åpna sitt 90 minutts føredrag med ein filmsnutt som klårt viste ulike negative sider ved overdriven bruk av TV, PC, Ipad og mobil. Det var uvant å høyra ein psykolog så sikker og klår, og han framførte bodskapen på ein folkeleg måte med både sjølvironi og humor.

Reaksjonen i salen fortalde at han verkeleg trefte sitt publikum på fleire ømme punkt. Han viste også til mange ulike undersøkingar, ikkje minst korleis hjernen hos førskuleborn og elevar i grunnskulen kan bli skada. Hegglund refererte villig til eigen familie, og korleis han sjølv måtte ta grep for å avgrensa skjermbruken, bl.a. med skjermfrie måltid og til dømes maks ein time Ipad kvar dag for eigne ungar i barneskulen.

«Reaksjonen i salen fortalde at han verkeleg trefte sitt publikum på fleire ømme punkt»

Frå sin psykologkvardag fortalde han om barn som ikkje lenger skjønar kroppsspråk fordi skjermen har overtatt for samtale og kontakt. Omsorgssvikt kan også resultera i ungdommar som droppar ut av skulen og blir sitjande i «kjellarstova heime» med 50-60 timar i veka framfor skjermen. Asosiale og hjelpelause endar dessverre mange  på «lønningslista» til NAV.

Det er naturleg at ungar i alle aldrar utfordrar foreldra, og å vera ein ansvarleg forelder inneber i følge Hegglund ofte å ta kampane som kjem og gjerne ta upopulære avgjerder, med klår adresse til såkalla «gelekule» vaksne som sjølv bruker altfor mykje tid framfor skjermen. I Ryfylke tysdag kunne me lesa om røffare miljø i barnehagane i Sauda, og i skulen møter ein oftare elevar som skal forhandla om det meste, og det verste av alt: Dei er vane med å få det slik dei vil! Demokrati fungerer bra blant opplyste vaksne, men barn og unge treng altså reglar og korreksjon.

Haugesunds Avis hadde førre veke også ein reportasje frå ein lokal barneskule der elevane også i matfriminuttet hadde tilbod om å sjå film, you-tube osv., noko ekspertane retta sterk kritikk mot.

Hegglund sine klare tankar og meiningar gjorde inntrykk på tilhøyrarane som takka med langvarig, sterk applaus. Underteikna reknar seg ikkje i målgruppa, men synest likevel innhaldet er for viktig til å feia under teppet og liksom berre håpa at det snart vil gå over!

NB! Ønskjer DU meir informasjon, kan DU jo googla Trond Magne Hegglund.