Plan på oppløpssida

Om ei veke går fristen ut for å komma med synspunkt på forslaget til ny kommuneplan. I løpet av våren vil ein etter alt å dømma vera i mål med ein nær tre år lang prosess. Ettertida vil visa om den nye planen har vore vel verd å venta på, men at det ligg eit grundig arbeid bak er det liten tvil om.

Den lange planprosessen handlar mykje om eit ønske frå kommunestyret om å vedta eit godt, framtidsretta dokument som speglar politikken dei ønsker å føra dei kommande åra. Dei mange rundane har sikkert ført til frustrasjonar både i administrasjonen og blant politikarane, men i ei så viktig sak er det viktig å stå løpet ut og fullføra det ein har starta.

Viljen til å få til eit godt sluttprodukt for Sauda kom tydeleg fram i forhandlingsrundane med Fylkesmannen i haust, som enda med at dei lokale styresmaktene fekk staten til å trekka dei fleste motsegnene sine. Det gjer godt å sjå at våre lokale folkevalde står opp for eigne vedtak, noko det sjølvsagt er enklare å gjera når argumenta har ei solid, lokal forankring.

Behovet for eit grundig og solid planarbeid kjem til uttrykk på fleire måtar. Lokalpolitikarane møter seg sjølv, eller rettare sagt sine forgjengarar, i døra rett som det er, i form av gammalt og utdatert planverk. Dette fører til mengder med dispensasjonssaker der reguleringsbestemmingar, kommunedelplanar og kommuneplanen ikkje har tatt tilstrekkeleg høgde for framtidige ønske og behov. Ved den pågåande rulleringa av kommuneplanen er det utan tvil gjort forsøk på å laga eit meir framoverlent og framtidsretta plandokument. Ei slik tilnærming kan spara administrasjon og politikarar for tidkrevande dispensasjonsbehandling og publikum for frustrasjonar over å få avslag på søknader mange i nabolaget alt har fått innvilga for tiltak ingen har noko imot.

Ein vil sjølvsagt aldri bli heilt kvitt dispensasjonssakene. Same kor grundig ein er og kor framsynt ein prøver å vera under utarbeidinga av ein kommuneplan, vil det med tida alltid dukka opp nye problemstillingar og nye moment som endrar dei opprinnelege føresetnadene. Dette er ein naturleg følge av at samfunnet utviklar seg, det same gjer innbyggarane sine ønske og prioriteringar.