Godt innspel om Breiborg

Eitt av Saudas flottaste og mest varierte utfartsområde ligg langs Fylkesveg 520 nokre mil nordaust for sentrum. Den vinterstengde vegen gjer imidlertid at Breiborg-området er lite tilgjengeleg fleire månader i året. Det er eit tap både for hyttefolk og for turfolk generelt.

Frå Breiborg til bommen i Hellandsbygd, der vegen blir stengt om lag frå juletider og til vinterferien i slutten av februar, er det drygt fem kilometer, som saman med drygt 400 høgdemeter for mange skaper eit uovervinneleg stengsel. Det er som regel muleg å ta seg opp på ski og det er muleg å leiga snøskutertransport. Den vinterstengde vegstubben ligg likevel som ei hindring for bruk av området frå vinteren set inn og nokre månader framover.

I formannskapsmøtet onsdag i førre veke reiste Arbeidarpartiets Hallgeir Amdal spørsmålet om ein ikkje burde sjå nærare på ei løysing for å auka tilgjengelegheita til Breiborg vinterstid. Ideen er sjølvsagt ikkje ny. Hyttefolk der oppe har i alle år ønska seg reelle mulegheiter for å bruka hytta heile året. Etter at lokalpolitikarane i Sauda tidleg på 1980-talet klarte å få vegstyresmaktene med på å brøyta til Breiborg til vinterferien, har imidlertid lite skjedd. Undervegs har talet på hytter auka sakte, men sikkert, og er i dag like ved å bikka 100.

Initiativet frå Amdal kjem på eit svært godt tidspunkt. Utan på nokon som helst måte å forskottera snøfattige vintrar i åra framover, kan ein ikkje sjå vekk frå det av Breiborg kan spela ein viktig rolle når Sauda skal bruka snøen som lokkemiddel for å trekka til seg vintergjester. Med eit utgangspunkt på om lag 700 høgdemeter over havet og nærleik til mange av dei høgastliggande delane av kommunen, vil breiborgområdet kunna ligga som ein solid garantist for snø når andre utfartsområde har for lite av det kvite gullet.

Ein føresetnad er sjølvsagt at folk kjem seg til Breiborg på fornuftig vis – heile vinteren.

I første omgang handlar det om sjå nærare på kva prislapp ein vinteropen veg vil ha, kven som eventuelt kan vera med på eit spleiselag for å få dette til og om vegeigar Rogaland fylkeskommune vil spela ball med saudasamfunnet i denne saka. I så måte er det sikkert ikkje nokon ulempe at det er ein av Hallgeir Amdal sine partifeller som sit som fylkesordførar.