Sauda musikkorps hadde nyleg ei seminarhelg saman med Ivar Atle Fjordheim frå Stavanger symfoniorkester. Seminaret blei avslutta med ein søndagskonsert i Nyesalen i Folkets Hus.
Sauda musikkorps hadde nyleg ei seminarhelg saman med Ivar Atle Fjordheim frå Stavanger symfoniorkester. Seminaret blei avslutta med ein søndagskonsert i Nyesalen i Folkets Hus.

God gang i Sauda musikkorps

Det er framleis liv i korps-Sauda. Det to år nye musikkorpset tel nå heile 26 medlemmer.

– Me er bortimot full besetning nå. Men me tar imot alle som vil bli med oss. Det me manglar mest er folk som kan spela kornett. Og me skulle gjerne hatt nokre fleire på slagverk, seier Ingunn Skare, primus motor for Sauda musikkorps.

Frå tre til null

Dei siste ti åra har det vore vanskeleg å driva korps i Sauda. I 2009 greidde ikkje Sauda skolekorps å halda oppe aktiviteten lenger, same vegen gjekk det med både Sauda Musikklag og Saudasjøen skulemusikklag, som begge la ned aktivitetane sine i 2012.

I løpet av dei siste ti åra har ein gjort forsøk på ”korps i skulen” og fleire mindre korpssamansetningar i samband med 17. mai.

Starta nytt korps

Hausten 2017 begynte Ingunn Skare å kjenna at korpsengasjementet hennar begynte å vakna til liv igjen, etter 28 år i dvale. Ho kontakta korpslegenda Thormod Gilje, som straks sa seg villig til å bli med på å starta  og dirigera eit nytt korps i Sauda. Saman begynte dei arbeidet med å rekruttera musikantar. I januar 2018 hadde Sauda musikkorps si aller første øving.

– Me var rundt 15-16 personar i starten. Hausten 2019 fekk me eit skikkeleg løft, der åtte-ni nye personar begynte i korpset. Nå er me til saman 26 musikantar frå Sauda, Erfjord, Marvik, Vormestrand, Nedstrand, Haugesund og Vikedal, fortel Skare.

Låner lokale gratis

Sauda musikkorps har faste øvingar kvar tredje søndag. I tillegg er det øvingar kvar onsdag for dei som har lyst og tid. Øvingane er inne i Eldresenteret.

Fleire av musikarane pendlar langt for å komma til øvingane i Eldresenteret i Sauda.

– Det er det ingen som klagar på. Dei meiner at det er så kjekt at det er verdt heile turen og tida det tar, smiler Skare.

– Me er så glade og takknemlege over for pensjonistforeininga som lar oss få bruka Eldresenteret gratis. Her har me også fått lagerplass i kjellaren. Me planlegger å takka for velviljen med ein eigen liten konsert for pensjonistforeininga, legg ho til.

Seminarhelg og konsert

Helga 24.-26. januar i år hadde Sauda musikkorps si aller første seminarhelg – og sin aller første eigne konsert. Ivar Atle Fjordheim frå Stavanger symfoniorkester var hyra inn for å øva inn ”finpussen” på 15-16 musikkstykka som var planlagt til konserten i Nyesalen i Folkets Hus.

– Ei heilt topp helg med ein god gjeng med mykje musikk, tøys og humor.

– Ei heilt topp helg med ein god gjeng med mykje musikk, tøys og humor. Det var 75 betalande publikummarar, av totalt 120 billettar. Det er me kjempefornøgde med! Spesielt kjekt var det å sjå at det kom folk me gjerne ikkje ventar å sjå på ein korpskonsert, smiler Skare.

Mai-klare snart

Nå som konserten er unnagjort, begynner Sauda musikkorps å komma i mai-modus. Både 1. og 17. mai er viktige dagar i korpskalenderen.

– Me spelte på begge desse dagane også i fjor. Me håpar at me får økonomisk støtte til å gjennomføra spelingar også i år, frå Sauda kommune og frå arbeidarrørsla, seier Skare.

For det er ikkje til å stikka under stol at det kostar å driva eit korps, sjølv med ein gratis dirigent og med kun hobbymusikantar.

– Det kostar å kjøpa nye instrument, og å vedlikehalda dei instrumenta me har. I tillegg kostar det å gjera innkjøp av noter. Tusenlappane flyr fort, seier Thormod Gilje.

Sauda musikkorps er per i dag ikkje eit korps som marsjerer i tog på nasjonaldagen.

– Mange av musikantane har ikkje helse til å marsjera med instrumenta lenger. Derfor speler me kun på faste, avtalte stader, forklarer Skare.

Sauda musikkorps har også spelt på Frelsesarmeen sin faste julekonsert i kyrkja dei siste to åra.

Saknar stordomstida

Dirigent Thormod Gilje, som i vår blir 74 år, innrømmer at han lengtar tilbake til korps-stordomstida på 1970, -80 og 90-talet.

– Det heile starta med at Sauda kommune var framsynte og kreative på 1970-talet. Dei sydde saman stillingar der tilsette kunne kombinera lærarjobb og korpsdirigering. ”Alle” kommunar og korps såg til Sauda, som klarte å få til slike gode kombinasjonar. I fleire tiår hadde me tre, svært gode korps og unge korps som hevda seg i konkurransar. Overgangen å plutseleg stå utan korps, var vond, innrømmer han.

Han trur slike kombinasjonsstillingar er det som må til for å kunna driva korps, med med skikkeleg rekruttering av barn og unge. I Sauda musikkorps er medlemmene i dag mellom 20 og drygt 80 år. Rekruttering av unge er ekstra utfordrande.

Ingunn Skare minner om at korpset har instrument til utlån, og at ein kan komma på onsdagar først og lytta og prøva litt før ein kjem skikkeleg i gang.

– Dette er eit lågterskeltilbod. Folk speler det ein klarer. Har ein spelt noko før, tar det ikkje lang tid før ein har god kontroll, seier ho.

I dag er Thormod Gilje glad for initiativet Ingunn Skare tok for litt over to år sidan.

– Dette hadde aldri gått utan Ingunn og mannen hennar, Harald. Eg føler meg privilegert som fortsatt får komma og ”vifta med armane” og dirigera musikk, seier han.

Thormod Gilje er musikalsk leiar for musikkorpset, medan Ingunn Skare, som speler euphonium, er leiar for ”alt det andre”. Foto: Ingvil Bakka.