God legedekning gir tryggleik

Dei seinare åra har bemanninga ved legekontoret i Sauda vore relativt stabil. Med tanke på korleis situasjonen var for bare sju-åtte år sidan, er det tydeleg at kommuneleiinga har gjort eit solid stykke arbeid for at legekontoret skal vera ein arbeidsplass det går an å trivast på.

Frå å vera ei teneste det nesten var uråd å rekruttera folk til, der det på det meste var over 20 vikarlegar innom i løpet av eit års tid, verkar det nå å vera noko tilnærma ein normalsituasjon i høve til utskiftingar i arbeidsstokken, det som på fagspråket blir kalla turnover.

Ein stabil legesituasjon er ein av dei viktigaste faktorane for å skapa tryggleik blant kommunens innbyggarar. Særleg gjeld dette dei som av ulike årsaker har behov for jamleg kontakt med legen sin. For kronisk sjuke er det utan tvil ekstra belastande å oppleva stadige bytte av fastlege og med det gjerne måtta setta nye personar inn i ei omfattande sjukehistorie.

Kan hende er noko av forklaringa at legekontoret i Sauda er godt bemanna, relativt sett. Ifølge SSB sine kommunefakta hadde kommunen i 2018 tilsett 19,6 legar per 10 000 innbyggarar. Dette er fleire enn alle kommunane i grannelaget, 75 prosent over gjennomsnittet nasjonalt og nesten dobbelt så høgt som i Rogaland sett under eitt.

Ein kan gjerne undra seg over om ikkje den solide legedekninga har ein høg pris. Ein kjem nok imidlertid godt ut av det i dag om ein samanliknar med kostnadene ved dyre, kortvarige innleige av vikarlegar, slik situasjonen var for nokre år sidan. I tillegg krev det som kjent ekstra mannskapar å drifta si eiga lokale legevakt. Då er me imidlertid inne i politikken si verd. Så lenge dei som styrer pengesekken vel å prioritera slik, utan at folket dei representerer protesterer, tyder mykje på at innbyggarane er fornøgde med dei folkevalde sine prioriteringar.

Statistisk høg bemanning er ikkje det same som at legane har lite å fylla dagane med. Ei evaluering av fastlegeordninga gjort i 2019, viste at fastlegane dei seinare åra har opplevd ein vesentleg auke i arbeidsbelastninga, noko som igjen gjer at mange fastlegar opplever arbeidssituasjonen som uhandterbar. Ved budsjettbehandlinga i desember, valde kommunestyret å lytta til signala frå legekontoret og klarte å finna rom for å auka løyvingane, mellom anna med midlar til ein turnuslege ekstra.

Eit velfungerande legekontor vil både vera avhengige av løysingsorienterte tilsette, godt leiarskap og politikarar som spelar på lag. Akkurat nå ser det ut til at partane gjer kvarandre gode.