Vinn-vinn

Sauda, Rogaland og Norge slit med å fylla ledige stillingar med kvalifisert arbeidskraft. På toppen av lista finn me fagarbeidarar, ingeniørar og sjåførar. Samtidig er mange av dei som står utanfor arbeidslivet, interessert i å få ein fot innanfor.

I dagens avis kan du lesa om Shoresh Zainy, opprinneleg frå Iran, som fire år etter at han kom til Norge og Sauda som asylsøkar, endeleg har fått seg fast arbeid. Det er godt nytt, først og fremst for 37-åringen og hans familie, sjølvsagt, men òg for samfunnet rundt han.

Å ha ein jobb å gå til er så mykje meir enn bare det å ha ei fast inntekt. Det handlar om verdigheit. Og om det å vita at ein er med på å halda hjula i gang i samfunnet, både gjennom jobben ein gjer og gjennom verdiskapinga ein bidrar til. Og det handlar om helse, som i stor grad er knytt til livskvalitet, trivsel og kjensla av å lukkast. Den aller viktigaste kjelda til god helse er likevel gjerne det å oppleva å leva eit verdig liv. For langt dei fleste i yrkesaktiv alder er det å tilhøyra arbeidslivet ein heilt avgjerande faktor.

«Å ha ein jobb å gå til er så mykje meir»

Eksempelet Shoresh viser at det kan finnast mulegheiter for jobb for dei som verkeleg vil. Det kostar ofte stor eigeninnsats og evne og vilje til å prøva noko nytt, men då får ein samtidig vist framtidige arbeidsgivarar at ein evnar å bretta opp ermane når det trengst.

Den andre sida av saka er at arbeidsgivarar, med omsyn til dagens arbeidsmarknad, gjerne bør våga å tenka lenger utanfor boksen når dei rekrutterer enn dei kanskje hadde tenkt seg. I siste månadsrapport frå NAV Rogaland, minner direktør Merethe P. Haftorsen om at det nå kan vera eit godt høve å sjå på mulegheitene for å inkludera personar som står utanfor arbeidslivet, gjerne med bistand frå NAV. For, som ho skriv, ein betydeleg del personar med nedsett arbeidsevne har eit høgt utdanningsnivå og sit gjerne på kompetanse som bedriftene er på jakt etter.

Både attføringsbedrifta Rysteg og NAV arbeider saman med aktørar i det lokale næringslivet for å hjelpa personar som står på utsida til å finna ein veg inn i arbeidslivet. Seinast i sommar kunne Ryfylke for eksempel fortella om HS Maskin på Nesøyrå, som valde å gi fleire personar ein ekstrasjanse til å bli ein del av fellesskapen.

Realistisk sett vil det ikkje bare bli suksesshistorier når ein rekrutterer arbeidskraft litt utanfor dei vanlege kanalane. Både for bedriftene sjølv og for lokalsamfunnet er det imidlertid vinn-vinn med god margin dei gongane det klaffar.