Fjorårets juryleiar Eva Jorna Bendiksen saman med deltakarane i UKM 2019.
Fjorårets juryleiar Eva Jorna Bendiksen saman med deltakarane i UKM 2019. FOTO: Even Emberland/arkiv.

UKM-fest på laurdag

Sauda ”kuppa” UKM-arrangementet i år også. Nær 30 deltakarar er klare til dyst.

– Eigentleg skal det vera anna kvart år i Sauda og Suldal. Sauda hadde det i fjor, men så skal UKM-fylkesfestivalen arrangerast i Sauda i mars i år, så derfor trengte me å øva oss litt meir på sjølve arrangeringa, seier Eli-Jorun Tangeraas.

Til vanleg er ho kulturskulerektor i Sauda, men arbeidet med UKM-arrangementet er delegert til henne og Sauda kommune frå UKM-leiinga.

Flest saudabuar

UKM, tidlegare Ungdommens kulturmønstring, står nå for Ung kultur møtes. Dette er ein arena der barn og unge får ein mulegheit til å visa fram sine ferdigheiter og kunstuttrykk, anten frå scenen eller gjennom ei kunstutstilling. Ein må ikkje vera elev ved kulturskulen for å delta, her kan alle som vil stilla opp. Ifølge Eli-Jorunn Tangeraas er det nær 30 deltakarar påmeldt til laurdagens framsyning. Av desse det store fleirtalet saudabuar. Nokre stiller opp med kunst dei har laga, andre med song og musikk eller andre kulturelle ferdigheiter.

– Me startar med lydprøvar klokka 12.00, deretter kan dei som vil bli med på ein workshop med teikning og måling saman med Sandy Yu, medan me ventar på at sjølve førestillinga skal starta. Klokka 15.00 blir det pizza til alle deltakarane, før me startar førestillinga klokka 16.00, opplyser Tangeraas.

Fleire til fylkesfestival

Ein kan delta frå det året ein fyller ti år, men det er kun dei som fyller 13 år i år som kan sendast vidare til fylkesfestivalen. Den øvre aldersgrensa er 20 år.

Eli-Jorun Tangeraas fortel at eit innslag per fem deltakarar kan sendast vidare til fylkesfestivalen. I fjor blei fire deltakarar sendt vidare; to på kunst og to på musikk.

– Det er ikkje snakk om å ”vinna” eller ”komma vidare”. Me har ein jury som vel ut innslag som skal vera Sauda og Suldal sine innslag på fylkesfestivalen. Poenget er å finna ein fin breidde i det unge kulturlivet i kommunane, seier Tangeraas.

Juryen består av musikar Nils Kristen Herheim, Heidi Huse frå Sauda kunstlag og ein føreløpig ung, namnlaus suldøl.

­­– Alle lærarane ved kulturskulen i Sauda har elevar som deltar, derfor kan ingen av dei vera i juryen, forklarer Tangeraas.

UKM-arrangementet er ope for alle interesserte.