Betre fullt og heilt…

Interessa for historie generelt og lokalhistorie spesielt står sterkt i Sauda. Det har likevel vist seg vanskeleg å få skikkeleg sving på tiltak som høyrer til under museumsparaplyen. Denne våren blir lokala som har husa Sauda Museum tømt og museumsgjenstandane spreidd for alle vindar.

Lokalmuseet i Torggata 6 har vore stengt heilt sidan 2008. Kommunen har sidan den gongen, ja, strengt tatt aldri nokon gong, funne midlar til å drifta museet, som ifølge Ryfylke sitt arkiv opna dørene i februar 1993. Den gongen var det ein tretti år gammal draum som då gjekk i oppfylling. Endeleg hadde ein eit høveleg lokale til å visa fram kulturskattar som i årevis hadde støva ned i kjellaren på Høllandsheimen. Engasjementet var stort og mange gjorde ein framifrå jobb for å realisera museumsdraumen. Og saudabuen henta villig fram mengder av gamle ting frå loft og kjellarar for å vera med og skapa bygda sitt eige museum.

«Lokalmuseet i Torggata 6 har vore stengt heilt sidan 2008.»

Å driva eit museum krev imidlertid som regel meir enn entusiasme. Det må pengar til. Utan verken kommunale løyvingar eller sponsorinntekter som stod i stil med oppgåva, blei det så som så med fornying av utstillingane. Ein definerte aldri i kva retning museet skulle ta, kva historie det skulle fortella, og samlinga blei meir ein oppbevaringsplass enn eit museum. Med slike føresetnader i ryggen blir det vanskeleg å lukkast.

For kommunen sin del handlar det, som så ofte, om prioriteringar. Med oppgåver i kø på kulturfronten synest avviklinga av Sauda Museum å vera ei klok avgjerd. For samtidig som dette skjer, heng det og blør på Tveit-tunet, halve Fagerheim-samlinga står vekkgøymt  og «vasskraftas tempel» Stasjon III nærmar seg fredningsstatus. Industriarbeidarmuseet og Jonegarden er under det regionale Ryfylkemuseet og er dermed tatt hand om av eit kompetansemiljø godt rusta for oppgåva.

Historia om Sauda handlar mykje om landbruk, kraft og industri. Det kan gjerne vera ei rettesnor for kva som er aller viktigast å ta vare på for framtida.