Kven skal betala?

Mangelen på snø i lågareliggande område skaper utfordringar for vinterturiststaden Sauda. Utan snøen uteblir både hyttefolk og dagsturistar. Det går ut over langt fleire enn bare skisenteret i Svandal.

Nyleg blei det kjent at næringslivet i Sauda gjennom Sauda Vekst går inn i eit samarbeid med Sauda skisenter, Svandalen Hytteforening og grunneigarar i Svandal. Saman har dei sett på mulege løysingar for å få skientusiastane høgare til fjells, opp til Djuvsbotn, der snøforholda er meir stabile enn tilfellet er i botn av skisenteret. Samarbeidet resulterer i at det denne vinteren blir muleg å kjøra til Djuvsbotn frå vinterferien til og med påskeferien dersom ikkje snøforholda gjer det muleg å ta seg dit via dei nedste skiheisane.

Det er tidlegare tatt til orde for at det bør vurderast strukturelle endringar for å sikra vintergjestene i Sauda tilgang til høgareliggande område og med det til snøen. Prøveordninga som nå er på trappene i Svandal fell naturlegvis inn i denne kategorien.

Ved å gå med på ei slik løysing, som vil kunna føra til ein betydeleg trafikkauke gjennom hytteområdet, viser Svandalen Hytteforening både storsinn og forståing overfor eit skisenter og eit lokalsamfunn som har hamna i ei knipe.

Sauda Vekst sin medverknad for å skapa aktivitet i skisenteret reiser naturleg nok prinsipielle spørsmål. Er det rett at næringslivsselskapet konkret støttar ei bedrift på denne måten? Ein ting er i alle fall sikkert: Det er andre bedrifter enn Sauda skisenter som profitterer mest på at det er fart i skibakkane i Svandal. Det er trass alt grenser for kor mykje pengar ein kan henta inn på sal av heiskort og pommes frites. Hyttefolket i Svandal og elles i Sauda bidrar kvart år med fleire titals millionar kroner i omsetning hos lokale handels- og handverksbedrifter. For fleire av dei gav årets snøfattige januar ein merkbar inntektssvikt.

I eit slikt perspektiv synest det klart at fleire enn Sauda skisenter bør engasjera seg i å gi turistane tilgang på snø. Så får tida visa kor langt kommune og næringsliv er villige til å strekka seg for å bidra til vidare utvikling av Sauda som vinterdestinasjon.