Å tenka langsiktig

Nyleg fekk 47 saudabuar det synlege beviset på at dei nå kan kalla seg fagarbeidarar. Med ein arbeidsmarknad som flaggar store behov for fagfolk, burde utsiktene for å få seg arbeid vera generelt gode for denne gruppa. Fullt så enkelt er det imidlertid ikkje.

Blant dei 47 nye fagarbeidarane heimehøyrande i Sauda, toppar kjemiprosessfaget lista med åtte fagbrev. Barne- og ungdomsarbeidarane kjem som nummer to med sju fagbrev, medan fem kan kalla seg faglærte industrimekanikarar.

I NHO sitt kompetansebarometer for 2019 kjem det fram at 61 prosent av dei 6 700 norske bedriftene som har svara på undersøkinga opplever å ha eit udekka kompetansebehov. Behovet gjer seg gjeldande over eit breitt spekter av fag- og utdanningsnivå. Størst mangel finn ein innan handverksfag, der «Teknikk og industriell produksjon» og «Bygg og anlegg» ligg øvst på lista, følgt av ein stadig større mangel på elektrikarar. Med eit slik bakteppe er det lett å konkludera med at det må finnast jobbar til dei som vil.

Men kva når dei er ferdige og står der med eit rykande ferskt fagbrev i handa?

Rogaland er best i landet når det gjeld læreplassar og utdanning av fagarbeidarar. I tillegg finst eit godt apparat for å hjelpa flest muleg til å fullføra utdanninga. Mange bedrifter, også i Sauda, strekker seg langt for å kunna ta imot lærlingar. Men kva når dei er ferdige og står der med eit rykande ferskt fagbrev i handa? Korleis er jobbmulegheitene då?

Eller, for å spørja på ein annan måte: Er kommune og næringsliv gode på å fullføra tanken om å tenka langsiktig når det gjeld rekruttering, ut over det å tilby læreplass?

Det handlar, forståeleg nok, ofte om økonomi. Å bemanna bedrifter ut over det nødvendige kan vera ei krevjande øving, offentleg eller privat. Ein eller annan stad skal ein henta lønnsmidlar til dei som går på toppen, men jo støre bedrifta er, jo større sjans er det for å kunna finna gode løysingar. Slike grep gir óg gevinstar. For det første er ein godt rusta i høve til sjukdom og anna fråvere. For det andre sikrar ein tilgang på nødvendig kompetanse den dagen nokon fråtrer. Og for det tredje er ein med på å halda på kompetansen og motverka at fagfolk tar seg annan jobb eller flyttar frå staden. Har ein først flytta på seg, fått jobb og funne seg til rette ein anna stad, skal det meir til for å få dei «heim» igjen.

Eit betimeleg spørsmål blir sjølvsagt kva som kostar mest – å tilsetta ny kompetanse og med det investera i framtidige behov, eller å vera på konstant etterskot i jakta på medarbeidaren som manglar.