Sentrumskaien klokka 13.30 måndag.
Sentrumskaien klokka 13.30 måndag. FOTO: Frank Waal.

Sjøsprøyt i vindkasta

Helgas dårlege vêr med mykje nedbør og vind, kulminerte med kraftige vindkast og høg sjø måndag førmiddag.

Nede ved hurtigbåtkaien stod sjøspøyten mange titalls meter innover parkering- og bussområdet.

Meteorologane har varsla at den kraftige vinden avtar måndag kveld. Regnvêret held fram tysdag, før det avtar onsdag. Frå torsdag igjen er det meldt meir regn fram til og med måndag i neste veke. Siste halvdel av måndag og natt til tysdag i neste veke kan nedbøren komme som snø, ifølge langtidsvarselet.