Søndag blei turrennet Slettedalen rundt arrangert for 43. gong. I det sure, våte vêret var det sannsynlegvis få som hadde ein skitur øvst på ønskelista si denne dagen, noko også det låge deltakartalet vitnar om. Om det var ein heller blanda fornøyelse å spenna på seg skia og gå løypa att og fram langs Slettedalsvatnet, kan ein bare førestilla seg korleis dagen var for arrangørane.
Kor mange tusen dugnadstimar som er lagt ned for å gjennomføra Slettedalen rundt sidan oppstarten i 1978 er uvisst. Kvart år skal det administrerast og planleggast. Løpsdagen må organiserast med parkeringsvakter, startmannskapar, sekretariat, tidtakarar, kiosksal, løypevakter og saftutdelarar. Så skal sjølvsagt løypene preparerast og merkast.
Då skal dei imidlertid vera klare over at det er mange som set umåteleg pris på arbeidet som blir lagt ned og som er utført i over fire tiår,
I arrangørstaben finn ein mange av dei same folka, år etter år. Gjerne tre generasjonar frå same familie. Heile familiar med eldsjeler som stiller opp for å legga til rette for ei hyggeleg skioppleving i Slettedalen. Som smiler om kapp med sola dei gongene vêrgudane verkeleg speler på lag, og ei februarsol som såvidt byrjar å varma rammar inn skituren i vintereventyret. Når det i tillegg stiller nær 400 deltakarar, som i rekordåret 1985, då er det kjekt å vera arrangør.
Så er det likevel slik at dei som driv med utandørsidrett, både deltakarar og arrangørar, må finna seg i at det kjem slike dagar som på søndag. Med regn og vind og heller laber deltaking. Då er det forståeleg om arrangørane sneiar innom tankar om at det er heile bare kan synast bortkasta og meiningslaust. Då skal dei imidlertid vera klare over at det er mange som set umåteleg pris på arbeidet som blir lagt ned og som er utført i over fire tiår, langt fleire enn dei friskaste og mest hardføre som stilte på startstreken dette året. Slettedalen rundt er ein institusjon i turrenn-samanheng og eit solid merkenamn for vinter-Sauda. Det ville vera eit stort tap om dette forsvann.
Me kryssar fingrane for gode snøforhold og solskinn håpar mange finn vegen til det flotte skianlegget i Slettedalen når Slettedalen rundt går av stabelen for 44. gong i februar 2021