18 løparar stilte til start i Slettedalen rundt søndag. Starten gjekk i ausande striregn.
18 løparar stilte til start i Slettedalen rundt søndag. Starten gjekk i ausande striregn. FOTO: Ingvil Bakka.

Vått og rått i Slettedalen

Slettedalen rundt 2020 blei eit løp for spesielt interesserte sprekingar. Raskast av dei spreke var suldølen Øyvind Røgenes.

– Heilt ærleg: Det var elendig, bånn i bøtta, rett og slett. Eg hadde dårlege ski, med dårleg glid, dårleg heng – og dårleg stavfeste. Eg hadde aldri trudd at eg skulle vinna i dag, sa Øyvind Røgenes til Ryfylke nokre minutt etter målpassering i Slettedalen rundt søndag.

Suldølen kom som førstemann til mål etter å ha gått 24 kilometer i pøsregn, tett snødrev og sludd. Han fekk tida 1.21.21 og slo saudabuen Ola Martin Øverland med drygt halvanna minutt. Røgenes og Øverland heldt lenge følge i løypa, der løparane gjekk to gonger frå stadionanlegget og inn til Indrejordet. Duen kom ilag inn til stadion, halvvegs i løpet.

– Kor rista du av deg Øverland?

– Det var på andrerunden, omtrent midtvegs i ein bakke. Eg var litt overraska over at eg klarte å gå frå han. Han hadde betre glid enn meg og glei frå meg i nedoverbakkar og på flatar. Men han sleppte meg der, i den motbakken, forklarer Røgenes.

Suldølen Øyvind Røgenes vann, trass elendige ski, ifølge han sjølv. Han vann løpet for fjerde gong.

Dette er fjerde gong Øyvind Røgenes vinn Slettedalen rundt. I fjor kom han på andreplass, midt mellom son og far i Ravndal-familien frå Gjesdal.

– Det er ikkje første gong eg har gått her i Slettedalen i slikt vêr. Men det er ei grei treningsøkt, det er greitt å ta med seg, seier han.

Kvinneklassen blei vunne av Mari Hetlesæter frå Hjelmeland IL, som var einaste kvinne som gjekk 24 kilometer. Ho kom i mål på tida 1.32.20, og hadde med det den sjette beste tida blant dei tolv deltakarane som gjekk 24 kilometer.

Unge og lovande

Totalt var det denne gongen 18 deltakarar i konkurranseklassen, bare to færre enn i fjor.

Nytt i år var at også tolvåringar kunne delta i konkurranseklassen. Fire tolvåringar, to av dei frå Sauda IL, deltok. Begge to, Olav Dybing Bakka og Torben Djuv Søfting, imponerte stort med å gå heile tolv kilometer på rett over 51 minutt. Imponerte gjorde også hjelmelandsjenta Mathea Vik, som også deltok i 12-13-årsklassen og som kom i mål på rett over 52 minutt. Klassane 12-15 år går ”ein runde”, eller rettare sagt ein gong att og fram på venstresida av Slettedalsvatnet, der dei snur inne ved Indrejordet. Aller raskast av dei som gjekk  tolv kilometer var hedlingen Håvard Kolbeinsvik, som representerer Sauda idrettslag. 14-åringen kom i mål på tida 47 minutt og 31 sekund.

– Det var veldig trått i sporet med snø og regn. Det var derfor ein fordel å ligga bak i eit felt. Eg hengde meg på 17-åringane Jone og Herman. Men eg hadde gode ski, med god heng og god glid, smiler han.

– Ein tenker ikkje på vêret når ein går. Det er først når ein kjem i mål at ein kjenner kor surt og kaldt det er!

Kolbeinsvik leia blant dei yngste heile vegen gjennom løpet. Å gå eit tolv kilometer langt løp er ein stor overgang for dei yngre løparane, som går ein god del kortare når dei går vanlege konkurransar.

– Ja, vanlegvis går eg fem kilometer. Nå var det jo over dobbelt så langt. Då må ein starta rolegare og prøva å halda eit jamnt greitt tempo, seier han.

Vêret, som veksla mellom striregn, sludd og tett snødrev, plaga han ikkje.

– Ein tenker ikkje på vêret når ein går. Det er først når ein kjem i mål at ein kjenner kor surt og kaldt det er!

Spreke trimmarar

Totalt var det 50 trimmarar som trassa vêret og la ut i den tolv kilometer lange løypa i striregn og snøvêr. Så vått var det på sjølve parkeringsplassen at skisko blei søkkvåte før ein fekk på seg skia. Fleire av trimmarane har deltatt alle dei 43 gongene Slettedalen rundt har blitt arrangert, og har følgeleg ein respektabel alder. Både Lars Øverland, Aud Øverland, Harald H. Løland, Norleiv Austerheim, Ingvar Austerheim og Kirsten Øverland har gått alle gongene. Men også mange trufaste har passert 40 deltakingar.

Vêret gjorde nok at talet på trimmarar i år truleg var det lågaste i heile Slettedalen rundt-historia. Men, dei trufaste sviktar ikkje, for ”er det Slettedalen rundt, så er det Slettedalen rundt”, heilt uavhengig vêret.

Håvard Kolbeinsvik er 14 år, men blir 15 år i juni. Søndag gjekk han over dobbelt så langt som han vanlegvis gjer i skirenn. Han var raskast av alle som gjekk tolv kilometer.

Slettedalen rundt 2020

Gutar 12-13 år, 12 km:

1 Olav Dybing Bakka, Sauda IL 51.15
2 Torben Djuv Søfting, Sauda IL 51.38
3 Tobias Lunde, Suldal IL 51.58

Gutar 14-15 år, 12 km:

1 Håvard Kolbeinsvik, Sauda IL 47.31
2 Iver Bjerga Øverland, Sauda IL 58.31

Jenter 12-13 år, 12 km:

1 Mathea Vik, Suldal IL 52.03

Gutar 16-17 år, 24 km:

1 Jostein Hetlesæter, Hjelmeland IL 1.32.41
2 Herman Bakkane Folgerø, Sauda IL 1.35.50
3 Jone Bjerga Øverland, Sauda IL 1.37.26

Kvinner 18 +, 24 km

1 Mari Hetlesæter, Hjelmeland IL 1.32.20

Menn 18 +, 24 km

1 Øyvind Røgenes, Suldal IL 1.21.21
2 Ola Martin Øverland, Sauda IL 1.23.04
3 Lars Lunde, Suldal IL 1.27.28
4 Simon Bjørheim, Suldal IL 1.29.43
5 Oddgeir Stråbø, Sauda IL 1.30.18
6 Stein Bomo, Madla IL 1.38.26
7 Endre Risøy, Sauda IL 1.47.52
8 Ivar Johannes Handeland, Sauda IL 1.56.17

Trimklasse (tal gonger i parantes):

Lars Sigve Søndenå (36), Lars Øverland (43), Aud Øverland (43), John Dahl-Olsen (41), Kjellaug Djuve (10), Reidar Haraldsen (41), Eva Karin B. Øverland (17), Tore Ness Øye (3), Jofrid H. Vatne (37), Ingebjørn Aarthun (32), Borgny Herheim (42), Tor Egil Aarthun (33), Ola Løland (33), Helge Nilsen (42), Bente Baaserud ( 36), Sigrid Fiveland (3), Torgeir Oma Tveiten (1), Gjermund Fiveland (36), Einar Austarheim (42), Britt Elin Ø. Løland (28), Harald Halvorsen Løland (26), Harald H. Løland (43), Ingvil Bakka (23), Nils Katla (1), Ingrid Katla (1), Tone Jofrid Løland (27), Lars Løland (32), Johannes Bakka (34), Kjell Handeland (27), Berit H. Øverland (40), Stein Arild Hølland (32), Norleiv Austerheim (43), Lars Austerheim (16), Frida Kolbeinsvik (1), Stian Kolbeinsvik (8), Kristin Vatne (14), Knut Ove Lien (41), Torgeir Øverland (42), Lars Olav Larsen (36), Ingvar Austerheim (43), Synnøve Magnussen (26), Rakel Vatne (15), Leif Inge Løland (21), Morten Tveit (34), Ellen Amdal (36), Liv Jorun B. Folgerø (2), Guri Småmo (28), Erik Espevik (17), Alf Gunnar Paulsen (24) og Kirsten Øverland (43).