Derfor vil Sauda ha fleire hytter

Nyleg framlagde prognosar frå Sauda Vekst talfestar kva hyttefolket har å seia i kroner og øre for næringslivet i Sauda. Ikkje minst gir dei ei forklaring på kvifor både politikarar og næringsliv ønsker seg langt fleire hytter enn dei 1 257 som finst i kommunen i dag.

Tusen nye hytter vil ifølge prognosen kosta om lag 2,4 milliardar koner å bygga. Mykje av hyttebygginga har vist seg å tilfalla lokale firma. Kvar hytte legg i tillegg gjennomsnittleg igjen snautt 50 000 kroner i året. Tusen hytter gir altså 50 millionar kroner i lokal omsetning – kvart år. Denne omsetninga gir både arbeidsplassar og kjærkomne skatteinntekter i ein kommune som sårt treng påfyll av begge delar. Tala som er lagt til grunn i prognosen er edruelege, på grensa til forsiktige.

«Tusen hytter gir altså 50 millionar kroner i lokal omsetning»

I januar 1962 hadde Sauda 6 283 innbyggarar. Frå toppåret har folketalet gradvis gått nedover, til ei foreløpig botnnotering ved inngangen til 2020 med 4 595. Med nesten 1 700 saudabuar færre følger ein naturleg nedgang i omsetninga for handels- og servicenæringa. Saman med handelslekkasje og ein stadig aukande netthandel, har det blitt utfordrande å halda hjula i gang for mange næringsdrivande. Saudabuar med nokre år på baken kan framleis hugsa eit sentrum med langt fleire butikkar og over eit breiare spekter enn i dag – for bare nokre tiår sidan.

Sauda hadde sjølvsagt vore best tent med fleire fastbuande. Femti år med iherdig arbeid for å kompensera for bortfall av over tusen arbeidsplassar ved smelteverket har imidlertid ikkje lukkast godt nok, og sysselsettinga i kommunen viser ein fallande trend – enn så lenge. Trass i hyttevekst og positive konsekvensar av denne, står utan tvil arbeidsplassar og nye saudabuar endå høgare på ønskelista enn fleire hytter.

Når strategien for å oppretthalda service- og tenestenivået i saudasamfunnet ikkje har gitt dei ønska resultata, har det vore fornuftig å sjå på alternative løysingar for å nå målet. Med dalføre på rekke og rad veleigna for hyttebygging, ligg satsinga mot hyttemarknaden opp i dagen som eit godt alternativ for å skapa vekst. Prisen Sauda må betala handlar mest om naturverdiar, men så langt har hytteveksten dei siste tiåra skjedd i område der det alt var hytter.

Sidan årtusenskiftet har talet på hytter i Sauda auka med over 50 prosent. Talfestinga av kva hyttene betyr for Sauda i kroner og øre, fortel tydeleg kor viktige hyttefolket er og vil bli for lokalsamfunnet.