Pressa til utflagging?

Driv Suldal kommune eit bevisst arbeid for å pressa innbyggarane på Hylsstrondå mot Sauda? Ved å stadfesta sitt eige vedtak om å gi frå seg ansvaret for vegen til Tongen, lettar kommunen på eigne forpliktingar i området. Samtidig ser ein på mulegheiter for å kjøpa fleire tenester frå nabokommunen.

Rådmannen i Suldal innstilte sommaren 2016 på å grensejustera Hylsstrondå til Sauda. Sjølv om fleire politiske røyster såg poenget i å tilpassa kartet til notidas kommunikasjonar, var fleirtalet blant Suldals folkevalde klare på at dei ikkje for noko i verda ville gi slepp på dei då 107 innbyggarane på nordsida av Hylsfjorden.

«Folket på Hylsstrondå har til no vore tydelege»

Eit viktig argument for å halda på kommunegrensene var ønsket frå bebuarane på Hylsstrondå. Dei grunngav synet sitt ut frå historie, kultur og identitet – i tillegg til omsynet til eiga lommebok. For eit område der landbruksnæringa tradisjonelt har stått sterkt, passar det seg betre å vera ein del av landbrukskommunen Suldal enn industrikommunen Sauda. Særleg når Suldal har betydeleg større økonomiske musklar enn naboen i nord.

Så vidt ein kjenner til, ligg det ikkje føre noko eige grenderekneskap som viser kva det kostar for Suldal å drifta dei mange, spreidde grendene i kommunen. At ein ser på kostnader, er likevel klart. Sjølv om omsynet til innbyggarane på Hylsstrondå òg tel med, ligg det naturleg nok også økonomiske vurderingar bak når Suldal kjøper tenester av Sauda kommune.

«skulen og barnehagen er viktige argument for å bli verande i Suldal»

Ungdomsskuleelevane frå Hylsstronda har i ei årrekke gått på Sauda ungdomsskule. Elevane ved oppvekstsenteret har svømmeopplæring i Saudahallen og småbarnsfamiliar får helsestasjonstenester og har tilbod om barselgruppe i Sauda. Då det interkommunale renovasjonsselskapet i Ryfylke, RYMI, gjekk mot avvikling, undersøkte Suldal om Sauda var aktuelle til å ta over på nordsida av Hylsfjorden. Og for litt sidan kom spørsmålet om Sauda kommune kan ta på seg heimesjukepleietenester i dette området.

I fortsettinga blir det spennande å sjå kva som skjer med Vanvik Oppvekstsenter. Fortsatt drift av skulen og barnehagen er viktige argument for å bli verande i Suldal. Med sviktande elevgrunnlag spørst det kor lenge det blir sett på som forsvarleg å halda liv i senteret. Skal barneskuleelevane også til Sauda då?

Folket på Hylsstrondå har til no vore tydelege på at dei er suldølar og vil vera det også i framtida. Med Suldal kommune mindre involvert i kvardagen deira, er det imidlertid forståeleg om folket på «Sølvkannestrondå» etter kvar stiller spørsmål ved om dei er like mykje ønska i Suldal kommune som dei sjølv ønsker å høyra til der.