Sauda ungdomsskule blir halden stengt måndag 9. mars etter at ein av elevane ved skulen har teasta positivt for Corona-virus.
Sauda ungdomsskule blir halden stengt måndag 9. mars etter at ein av elevane ved skulen har teasta positivt for Corona-virus. FOTO: Arkiv.

To personar testa positivt for Corona i Sauda – ungdomsskulen stengt 9. mars

To personar i Sauda har nå fått påvist Corona-smitte. Som eit ledd i arbeidet med å avgrensa spreiing av smitte, held Sauda ungdomsskule stengt i morgon, måndag 9. mars.

Klasse 10B ved Sauda ungdomsskule er som førebyggande tiltak ilagt 14 dagars heimekarantene frå 6. mars etter at ein av elevane i klassen har testa positivt for Corona. Dette gjeld òg lærarane til klassen og andre elevar som blir definert som nærkontaktar, for eksempel elevar som har hatt felles valfag med 10B.

For å skaffa oversikt over nærkontaktar og følga opp desse, blir heile Sauda ungdomsskule stengt, i første omgang mandag 9. mars.

Sauda kommune opplyser søndag kveld at dei to som er smitta bare har milde symptom på sjukdom og dermed blir rekna som lite smitteførande.

– Smitten er påvist hos to personar, stadfestar ordførar Asbjørn Birkeland. Ifølge ordføraren har begge dei to som er smitta vore på reise til Italia.

Det var klokka 16:27 søndag ettermiddag kommune offentleggjorde nyheita om at folk i Sauda var blitt smitta av det mykje omtala corona-viruset, eller covid-19. Dei positive prøveresultata kom tidlegare same dag etter at dei to var blitt testa på laurdag.

– Kva er gjort for å hindra at desse smittar andre?

– Dei to har blitt sett i heimeisolasjon.

– Kva med personar dei to har vore i kontakt med etter at dei kom heim til Sauda, men før det blei kjent at dei var blitt smitta?

– Me arbeider med å kartlegga alle dei har hatt kontakt med. Det vil bli sett i verk ytterlegare tiltak overfor dei dette gjeld, opplyste Birkeland ved 19-tida.

Ifølge ordføraren vil kommunelegen i samarbeid med Folkehelseinstituttet stå for kontaktsporinga kring dei som er smitta. Helsetenesta eller eller skuleleiinga gir beskjed til dei som eventuelt skal i heimekarantene. I tråd med råd frå Folkehelseinstituttet skal andre personar i ein husstand der nokon er ilagt heimekarantene leva som normalt. Det vil seia gå på jobb, skule og i barnehage. Dette gjeld òg helsepersonall.

Fram til klokka 16 søndag ettermiddag var det ifølge Folkehelseinstituttet registrert til saman 169 personar i Norge som hadde testa positivt på coronavirus, 17 av dei heimehøyrande i Rogaland. Minst 109 av dei 169 er smitta i samband med reiser til Italia og Austarrike.