Liv Matilda Lucas kom til fleire gode avslutningsmulegheiter i det første oppgjeret mot Sveio søndag. Kampen enda med to fulltreffarar for saudaspelaren.
Liv Matilda Lucas kom til fleire gode avslutningsmulegheiter i det første oppgjeret mot Sveio søndag. Kampen enda med to fulltreffarar for saudaspelaren. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Handball:

Dobbel heimesiger til jenter-14

Sveio blei to nummer for små for saudajentene.

Sauda IL Handball sitt jenter 14-lag styrer trygt mot andreplassen i serien med to kampar igjen å spela. Søndag blei det fire poeng i den doble heimekampen mot Sveio etter sifra 14-6 og 12-7. Igjen av årets sesong står to møte med ubeseira Nord 2, som i november kunne reisa heim med ein komfortabel 15-8-siger etter bortemøtet med Sauda. Eit seriegull til Sauda er muleg – men mest i teorien.

I søndagens første oppgjer var det aldri nokon tvil om kva veg det gjekk. Etter ei litt famlande opning frå begge lag, spelte heimelaget seg etter kvart til fleire fine sjansar på venstresida. Der var Liv Matilda Lucas på rett stad til rett tid og dansa seg gjennom Sveio-forsvaret ved fleire høve. Med to raske nettkjenningar gav vingen heimelaget leiinga 2-0.

Gjennom heile førsteomgangen la saudajentene ned ein solid innsats i forsvar og nærmast stengde døra heilt for gjestene. Dermed kom avslutningane frå dei raudkledde sveiojentene frå distanse, og med siktet stilt to knepp for høgt kom dei sjeldan til dei store sjansane. I den andre enden var Sauda i periodar svært effektive. Særleg Joy Katrin Aartun sine gjennomspel i god fart til Lena Oppedal Johnsen viste seg å vera effektiv medisin, som førte til tre nettkjenningar for heimelaget. Ved pause leia Sauda 10-1..

Sikker siger

Frå starten av andreomgangen hadde Sauda valt å kvila nokre av spelarane i startoppstillinga. Om det gjorde utslaget eller om det var Sveio som mobiliserte ekstra krefter, skal vera usagt. I alle fall var gjestene langt meir med på notane etter kvila. Heimelaget løftar seg nok til at sigeren aldri er trua, men bortelaget avsluttar kampen med tre strake mål og pyntar på sluttresultatet til 14-6.

Dagens andre oppgjer mellom dei to laga blir ein langt jamnare batalje. Sauda slit seg til eittmålsleiing 4-3 ved pause. I andre omgang er det større forskjell på laga, og leia av seksmålsscorar Joy Katrin Aartun sikrar vertane seg dagens andre siger med siffera 12-7.

Saudahallen, 8. mars:

Jenter 14, breiddeserie 09:

Sauda – Sveio 14-6 (10-1)

Saudas lag (mål i parentes): Liva Sørnes (m), Silja Halland, Ine Lindanger Sørensen (4), Victoria Hindrumsen Guindani, Liv Matilda Lucas (2), Joy Katrin Aartun (2), Lena Oppedal Johnsen (3), Ingeborg Løyning, Ida Håheimsnes (1), Ingrid Lunde og Emma Solbrekk Hauge (2).

Utvsiningar: Sauda 3×2 minutt, Sveio 1×2 minutt.

Sauda – Sveio 12-7 (4-3)

Saudas lag (mål i parentes): Liva Sørnes (m), Oda Øverli Fløgstad (1), Silja Halland, Ine Lindanger Sørensen (3), Eline Landa, Joy Katrin Aartun (6), Lena Oppedal Johnsen (1), Ingeborg Løyning, Ida Håheimsnes , Ingrid Lunde og Emma Solbrekk Hauge (1).

Utvisningar: Sveio 1×2 minutt.

1 Nord 2 11 11 0 0 337-113 22
2 Sauda 13 10 1 2 158-114 21
3 Skudenes/Åkra 13 7 0 6 213-206 14
4 Falkeid 11 4 1 6 161-180 9
5 Sveio 13 3 0 10 113-243 6
6 Bømlo 13 1 0 12 111-237 2