– Dei nye retningslinjene frå kommunen gjer at den planlagde gudstenesta på søndag blir avlyst, opplyser prest Magnhild Handeland Helberg.
Sauda kommune gjekk onsdag føremiddag ut med ei generell tilråding om å ikkje gjennomføra større arrangement og samankomstar. Det er samtidig sett ned forbod mot tilskipingar med meir enn 50 personar i risikogruppene. Det medfører i praksis eit forbod mot gudstenester.
– Den planlagde dåpsseremonien søndag blir likevel gjennomført, men då som eit lukka arrangement, seier Helberg.
Gravferd for nær familie
Frykten for smittespreiing gjer óg at gravferdene dei næraste vekene går for halvtom kyrkje.
Kommunen har vedtatt at gravferder frå nå skal vera lukka arrangement, med bare nær familie til stades.
– Det finst mange måtar å vida medkjensle på
– Eg ser at det kanskje kan vera vanskeleg å nå ut til folk med dei nye retningslinjene til gravferdene alt denne veka. Er ein imidlertid samla, rår ein folk frå å handhelsa og klemma kvarandre, fortel Helberg.
Presten er klar på at restriksjonane ikkje betyr at ein ikkje skal visa omsorg for dei etterlatne.
– Det finst mange måtar å vida medkjensle på, til dømes med blomar og tekstmeldingar, seier prest Magnhild Handeland Helberg.