Også dette året gjer Saudarussen ein innsats for kreftsaka når dei i morgon deltar i årets Krafttak mot kreft-aksjon. Den lokale aksjonskomiteen består av frå venstre Jone Odden, Kristin Austarå, Amber Vermeulen og Lina Baustad Hoås.
Også dette året gjer Saudarussen ein innsats for kreftsaka når dei i morgon deltar i årets Krafttak mot kreft-aksjon. Den lokale aksjonskomiteen består av frå venstre Jone Odden, Kristin Austarå, Amber Vermeulen og Lina Baustad Hoås. FOTO: Privat.

Ingen innsamlingsaksjon likevel

Russen sin pengeinnsamling i samband med årets «Krafttak mot kreft» er avlyst.

– Krafttak mot kreft er ein viktig aksjon og me ønsker å vera med og gjera ein forskjell. Dette gjeld oss alle. Dei fleste av oss som går rundt med innsamlingsbøssene kjenner nokon eller veit nokon som er ramma av kreft, seier Amber Vermeulen i den lokale aksjonsleiinga.

– I dag overlever tre av fire nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det finst framleis fleire kreftformer som svært få overlever. Blant desse er lungekreft og bukspyttkjertelkreft. Bare to av ti overlever lungekreft og færre enn èin av ti kreft i bukspyttkjertelen. Derfor samlar me i år inn pengar til kreftforsking, for å bidra til at fleire overlever, og til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande, opplyser Vermeulen.

Russen sjølv karakteriserer symbolet på deltaking i Krafttak mot kreft som årets viktigaste russeknute. I tillegg til å banka på så mange dører som dei maktar, har dei og starta sin eigne digitale aksjon via kreftforeininga sine nettsider i tillegg til å oppmoda det lokale næringslivet om å ta eit krafttak saman med dei.

– Ta godt imot russen når dei bankar på døra di, oppmodar Amber Vermeulen, og legg til at det sjølvsagt er muleg å støtta aksjonen via Vipps.

Saudarussen har engasjert seg aktivt i innsamlingsaksjonen sidan 2012. I fjor samla russ i Suldal og Sauda inn til saman 140 000 kroner til føremålet. På landsbasis går aksjonen tilbake til 2006.

Ifølge nettsidene til kreftforeininga er målet med 2020-aksjonen å få inn minst 45 millionar kroner.

Valde å avlysa

Onsdag føremiddag blei det klart at det likevel ikkje blir samla inn pengar i bøsser lokalt.

– Kreftforeininga og Folkehelseinstituttet har bestemt at innsamlingsaksjonen blir avlyst, kunne Amber Vermeulen opplysa.

– Det vil likevel vera muleg å bidra via Vipps, legg ho til.