I går, måndag, blei det klart at også Sauda kommune, i likskap med Suldal og Hjelmeland, innfører krav om karantene for alle som har vore utanfor Rogaland. Det er også krav om karantene viss du som saudabu har vore i følgande rogalandskommunar: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger (unntatt gamle Rennesøy og Finnøy kommune), Hå, Time, Klepp og Gjesdal.
Det nye karantenekravet for Sauda sine innbyggarar gjeld frå og med måndag kveld klokka 21.00. Vedtaket, som blei fatta av kommuneoverlegen i går, har ikkje tilbakeverkande kraft. Det betyr at alle som har vore utanfor Rogaland og i dei nemnde rogalandskommunane, men som er tilbake i Sauda innan klokka 21.00 måndag kveld, slepper karantene. Alle innbyggarar som kjem tilbake til Sauda etter dette, må straks i heimekarantene.
– Me kunne ikkje gi vedtaket tilbakeverkande kraft. Me må gi folk ein sjanse til å planlegga for å unngå å komma i karantene, seier ordføraren.
Karantenereglane gjeld ikkje for folk som har hatt nødvendige medisinske besøk hos spesialisthelsetenesta i dei nemnde områda.
Dei nye, lokale karantenekrava blei offentleggjort på kommunen sine nettsider i går, måndag, klokka 14.55.
Vurderer hjelpeordning
Dei siste dagane, med den kritiske koronautviklinga, har vore uverkeleg for alle, både store og små saudabuar, som alle får sine vanlege kvardagar snudd på hovudet. Ordførar Asbjørn Birkeland oppfordrar alle til å sjå på situasjonen som ein dugnad, der det er uhyre viktig at alle bidrar, med å følga råda som blir gitt og krava som er sett.
– Det viktigaste nå er at folk held seg heime, og unngår så langt det lar seg gjera å ha kontakt med andre enn dei ein bur saman med. Nokre må sjølvsagt fortsatt gå på jobb, og alle treng å handla mat og andre livsnødvendige ting. Då må ein ta alle førehaldreglar og halda avstand, seier Birkeland.
Sauda kommune har hatt møte med frivillige organisasjonar med tanke på å få til ei ordning for å hjelpa folk som av ulike grunnar ikkje får ordna med viktige praktiske gjeremål. Ordføraren er også kjent med at det er oppretta ei lokal Facebook-side med same føremålet.
– Eg fryktar at det me nå opplever kan bli langvarig. Tiltaka vil nok vara ei god stund, og det kan begynna å røyna på for oss alle. Då er det viktig at me som samfunn står saman om dette, seier han.
Stengte dører
Kommunen har også innført adgangkontroll ved bufellesskapa for eldre på Åbøtunet og på Høllandstunet, og ved Sauda distriktsmedisinske senter.
– Dette er bebuarar og pasientar i risikogruppene. Me veit at dette med stengte dører og adgangskontroll kan vera vanskeleg for mange pårørande, som gjerne er vane med å besøka sine kjære dagleg. I tillegg kan mange av desse eldre ha problem med å forstå kva som skjer. Dette er veldig vanskeleg for alle, seier Birkeland.
Også Rådhuset er nå stengt.
– Kundetorget er normalt ein plass med mykje besøk. Me har tilsette i risikogruppa, og me vel å stenga heile Rådhuset. Men det er fortsatt muleg å ringa eller ta kontakt på epost eller via Facebook, seier Birkeland.
Sauda kommune har stengt både rådhuset og andre offisielle møtestader. Foto: Knut Atle M. Seim.
Vedtaket frå kommuneoverlegen:
Kommuneoverlegen i Sauda gjer følgande vedtak etter smitteverklova paragraf 4-1 5 .ledd for å stoppa spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstenester.
- Alle som kjem til Sauda kommune, som har opphalde seg i dei nemnde områda i punkt 2, blir ilagt karantene i 14 dagar etter at kjem til kommunen.
- Vedtaket gjeld alle som har vore utanfor Rogaland. Dette gjeld også om du har vore i følgande kommunar i Rogaland: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger, (unntatt gamle Rennesøy og Finnøy kommune), Hå, Time, Klepp og Gjesdal.
- Gjennomreisande bør så langt det lar seg gjera reisa privat og unngå kontakt med dei som oppheld seg i kommunen-
- Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering og kan ikkje bruka offentleg transport.
- For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld styresmaktene sine gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.
- Medisinsk nødvendige besøk til spesialisthelsetenesta blir ikkje rekna som opphald i områda nemnt i punkt 2. Dette gjeld også for gravferd.
- Førar og personell av varer og passasjertransport blir unntatt frå karantenekravet frå dette vedtaket, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon gjeld. Dette omfattar også personell som er nødvendig for å gjennomføra transporten.
- Leiinga av verksemder som er lista opp etter DSM sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar blir gitt adgang til å gjera unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.
- Det er ikkje utreiseforbod.
Dersom du pendlar til ein arbeidsstad innafor eit av områda i punkt 2, må du halda deg i karantene så lenge du er innanfor Sauda kommune.
Vedtaket har verknad frå og med 16. mars klokka 21.00 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.