Det ligg mulegheiter i umulegheiter

Korona-stenging av skular og barnehagar i tillegg til avlyste fritidsaktivitetar gir mange foreldre store utfordringar i kvardagen. Ein ting er korleis det pålagde heimetilværet etter kvart vil kunna utfordra privatøkonomien. Ein annan korleis ein skal få dagane til å gå.

Korona-viruset sitt inntog har for mange vridd knappen over frå tidsklemme til eit tilvære med overflod av tid. Ikkje bare er barnehagen og skulen stengt. Alt som finst av fritidsaktivitetar er avlyst og tilbod som kino og symjehall er stengt. I tillegg oppmodar styresmaktene folk til å avgrensa kontakten med andre enn familien ein bur saman med.

På kort tid er alle rammer og rutinar ein til dagleg er omgitt av oppheva. Det er få ting ein skal rekka og lite ein må stå opp for å nå.

Dagar utan innhald kan fort bli både kjedelege og slitsame. Ungar som ikkje er i aktivitet blir fort misfornøgde og kranglete. Det same gjer mange vaksne. Tid foran tv, mobil og Ipad kan på kort sikt verka forlokkande, men vil på ingen måte bidra til å motverka «brakkesjuka» som fort blir resultatet når ein lever tett på einannan med reduserte mulegheiter for annan sosial kontakt. Sjølv om skuleungane får heimeoppgåver servert via digitale plattformar og har sitt å gjera med dette, blir det svært mange i utgangspunktet planlause timar å tilbringa saman med dei næraste i tida som kjem.

Det nye tilværet gir mange avgrensingar, men i det ligg det òg mulegheiter. I skarp kontrast til travle kvardagar og gjeremål på kva sin kant, får mange familiar nå god tid til å gjera ting saman – og ikkje minst gjera ting som ein gjerne ikkje finn tid til elles. Ekspertråda går i stor grad ut på å laga ein struktur i den nye kvardagen der ein gjerne tidfestar både daglege og nødvendige gjeremål og meir sosiale aktivitetar. Ta gjerne ungane med på middagslaging og reinhald.  Spel, les og teikn saman med dei. Og til dei som har mulegheit for det – dra ut på tur. Ta med kakao og kjeks og dra av garde for å utforska stader i nærområdet.

Folkehelseinstituttet rår nå folk til inntil vidare å ha minst muleg unødvendig fysisk kontakt med andre for å bremsa spreiing av smitte, særleg med personar i risikogruppene. Dette er ikkje det same som at ein ikkje skal ta kontakt med besteforeldre og andre familiemedlemmer. Tvert imot bør ein nå bruka litt av den ekstra fritida ein har fått til å ringa, maila, teksta, skypa, facetima eller på annan måte kommunisera med slekt og venner. Det sit heilt sikkert nokon der ute som vil setta umåteleg pris på at akkurat du tar kontakt!