Hentmeg-ordninga er i ferd med å gå seg til, men kan ennå justerast noko for å bli endå betre, skriv innsendaren.
Hentmeg-ordninga er i ferd med å gå seg til, men kan ennå justerast noko for å bli endå betre, skriv innsendaren. FOTO: Frank Waal.

Hentebuss/ventebuss

Hentebusstenesta har gått seg til, etter ein til dels trøblete start. Nokre lovpriste tilbodet, medan andre vandra gatelangs i frustrasjon med fulle handleposar, på leit etter den bestilte hentebussen som skulle køyra dei heim. Frustrerande var det òg at telefonsvararen sat i Stavanger, tilsynelatande utan brukande «verktøy» til å finna ut kor me budde eller kor me skulle hen. Kva gatenummer det var på forretningar eller sjukehuset var det få av oss som hadde tenkt på, men mykje har gått seg til og mange er fornøgde nå.

Hentebuss-saka skal venteleg opp til ny behandling når prøveperioden er over. Me forventar då at brukarane blir høyrde i opne møte. Etter samtalar med brukarar frå fleire stader i bygda, kom det fram at det er vanleg å køyra hentebussen til forretningane, men ein må ha drosje til heimturen då hentebussen er vanskeleg å nå då. Det viser vel at hentebussen med dagens køyremønster ikkje heilt dekkar saudabuen sitt behov? Etter samtalar med fleire, set eg fram følgande forslag:

Hentebussen fortset som nå, bortsett frå tysdag og fredag, då den gjenopptek den «gamle», faste ruta, med to heile turar om Hovland, Gausvik og Saudasjøen, med fast avgangstid frå tidlegare Handelslaget og vidare til haldeplass i Sauda. Bussen fortset i ruta Solbrekk, Rød og Birkeland, med faste tider. Dette for at folk i alle aldrar skal få moglegheit til å handla det dei treng. Etter ein time eller to, køyrer bussen ein ny runde, til faste tider, så dei handlande og andre kjem seg trygge heim etter byturen.

Med ei slik endring for tysdag og fredag kan hentebuss-profilen koma til å bli ein stor gevinst for heile samfunnet.