Ryfylke enda 2019 med ein total opplagsnedgang på eitt eksemplar etter at positive tal i andre halvår nesten utlikna minustala frå vårhalvåret. .
Ryfylke enda 2019 med ein total opplagsnedgang på eitt eksemplar etter at positive tal i andre halvår nesten utlikna minustala frå vårhalvåret. . FOTO: Knut Atle M. Seim.

Opplagsvekst i Ryfylke

To av tre lokalaviser auka opplaget siste halvår av 2019. Ryfylke var ei av desse.

Sidan 2018 har landets aviser rapportert inn opplagstala både ved årsskiftet og ved halvgått år. Ryfylke opplevde i første halvår 2019 ein nedgang i opplaget på 33. Dette retta seg godt opp att i siste halvår med ein opplagsvekst på 32 eksemplar. Samla godkjend opplag var ved årsskiftet 2 327, går det fram av tal frå Norsk opplagskontroll.

Lokalavisa i Sauda, som i 2020 er inne i sin 94. årgang, har på denne sida av tusenårsskiftet  gått frå eit opplag på over 2 800 til dagens nivå. I 2015 var godkjend opplag 2 538 aviser, i 2005 2 804.

To av tre opp

Blant dei 110 avisene som er tilslutta LLA, Landslaget for lokalaviser, kunne i overkant av 70  registrera opplagsauke i andre halvår. Samla opplag for LLA-avisene var ved årsskiftet 372 000 aviser. Totalopplaget for alle norske aviser er på 2,35 millionar. Av dette er ni prosent reint papiropplag, 42 prosent heilt digitale og 49 prosent komplettabonnement.

Pluss i nærområdet

Dei fleste avisene kring Sauda auka opplaget sitt i siste halvår av 2019. Hardanger Folkeblad i Ullensvang kommune fekk 151 nye abonnentar og med det ein vekst på drygt tre prosent. Også Grannar og Øyposten kom godt ut av det dette halvåret. Unntaka i ein oversikt med mykje plusstal er Suldalsposten, som fekk ein nedgang på 14 eksemplar og Tysvær Bygdebland med minus to.

Opplagstal siste halvår 2019, utvalde aviser:

Avis Opplag(endring)
Ryfylke 2 327 (+32)
Suldalsposten 2 212 (-14)
Grannar 3 507 (+87)
Hardanger Folkeblad 5 159 (+151)
Grenda 2 246 (+59)
Kvinnheringen 4 404 (+35)
Øyposten 1 316 (+33)
Strandbuen 4 914 (+87)
Tysvær Bygdeblad 2 163 (-2)
Vest-Telemark blad 5 563 (+426)
Stavanger Aftenblad 62 609 (+201)
Haugesund Avis 21 177 (+350)