Kvifor så dyr SFO?

Ved seksåringane sitt inntog i skulen gjennom reform-97, blei kommunane pålagt å etablera skulefritidsordningar for elevane på dei yngste klassetrinna. Skulefritidsordninga, SFO, er ikkje ein del av skulen og skal legga til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar, vera ein trygg opphaldsplass for ungane etter skuletid og gi ungane omsorg og tilsyn.

Som i barnehagen blir deler av drifta finansiert gjennom foreldrebetaling. I barnehagane blei det innført maksimalpris for foreldrebetaling i 2009. Slikt finst ikkje for SFO. Kommunane kan sjølv bestemma prisen, noko som gir store lokale prisvariasjonar. Sauda kjem her svært dårleg ut av samanlikninga med nabokommunane. Sauda kommune legg ei sjølvkost-utrekning til grunn for fastsetting av pris i skulefritidsordninga. Det er ingen grunn til å mistenka ugler i mosen ved dette. SFO-prisane i nabokommunane kan like gjerne vera resultat av enklare, rimelegare drift, som at politikarane vel å subsidiera tilbodet over kommunebudsjettet.

Kommunepolitikarane i Sauda gjer ingenting ulovleg når dei fastset prisane på SFO som dei gjer. Om det er klokt å legga seg på eit så høgt prisnivå samanlikna med andre kommunar, er ei anna sak. For at dei unge, håpefulle skal kunna nytta tilbodet frå skuleslutt til klokka 15.30, er prisen 2 360 kroner i månaden. Med morgon-SFO tillegg kjem summen opp i 3 210 kroner. Ingen av dei tre barneskulane har i dag morgon-SFO då for få har meldt behov for det. Det er ikkje urimeleg at det har med pris å gjera.

Gode krefter i Sauda arbeider målretta med å auka kommunen sin attraktivitet. Om ein ønsker tilflytting av barnefamiliar og vaksne i økslefør alder er gode barnehage-, SFO- og skuletilbod viktige faktorar som raskt kjem med i vurderinga. Det finst målingar som meir enn indikerer at Sauda er gode på skule og barnehage. Om ein er god på SFO, er ein uansett svært dyr. Det tar seg dårleg ut når ein skal gjera seg lekker for potensielle tilflyttarar. Til forskjell får haustens førsteklassingar i Stavanger gratis skulefritidsordning.

Det går også an å stilla spørsmål ved den sosiale profilen ved prisnivået på skulefritidsordninga. Risikerer ein ikkje at familiar med låg inntekt blir nødd til å velja vekk SFO utelukkande av økonomiske grunnar? Og at ungar som av fleire årsaker absolutt ville vera tent med å nytta eit slikt tilbod blir ståande utanfor?

Det er til sjuande og sist dei folkevalde som skal fordela innhaldet i den kommunale pengesekken. Kanskje er tida snart inne for å revurdera finansieringa av skulefritidsordninga i Sauda.